Verkeleg verdi-måling av aksjar i rekneskapen til ein lokal sparebank
Abstract
IFRS-forordninga blei vedteken av EU i 2002. Frå og med 2005 vart alle børsnoterte føretak i EU pliktige til å rapportere etter IFRS i konsernrekneskapet. Norge vart forplikta til å følgje forordninga gjennom EØS-avtalen. Sidan har GRS tydeleg harmonisert seg mot internasjonal rekneskapsstandard. Det har blant anna opna opp for IFRS for SMEs.
Me har ut i frå denne harmoniseringa sett på forskjellar og korleis ein overgang frå GRS til IFRS vil påverke rekneskapen. Ettersom bankar er underlagt strenge reglar knytt til blant anna kapitalkrav, ønskte me å sjå på om ein overgang ville ha noko påverknad på kapitalen og andre nøkkeltal. Me ønskte ein lokal bank, og etter anbefaling frå Atle Stalheim, valde me Aurland Sparebank som undersøkingsobjektet vårt.
Oppgåva starta med ein teoridel der me blant anna ser på dei ulike rekneskapsstandarane. Deretter ser me på verdivurdering av aksjar. Vidare har me ein metodedel og empiridel. I empiridelen har me ei verdivurdering av ein aksjepost som banken eig i Aurland Ressursutvikling AS. Her ser me på kva som skjer med utvalde nøkkeltal etter implementering til IFRS. Avslutningsvis har me drøfta funna våre og konkludert.
Funna våre tilseier at det er skjulte reserver i banken som ikkje blir vist i rekneskapen når dei fører etter GRS. Balansen blir mykje større ved at dei får skrive opp til verkeleg verdi på desse aksjane som banken eig. Dermed får me ein positiv endring i kapitaldekninga, medan endringane i dei andre nøkkeltala ikkje er så vesentlege. Me kan konkludere med at verdien av aksjane i rekneskapen blir meir rett ved implementering til IFRS.
Description
Bachelor i økonomi og administrasjon, BO6-2001 Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap/Institutt for økonomi og administrasjon