Barn si nysgjerrigheit og merksemd ved bruk av utstyr i naturen
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2486032Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Under prosessen med å skriva denne bacheloroppgåva har eg tileigna meg mykje ny og nyttig kunnskap som eg kan ta i bruk når eg startar å jobba som barnehagelærar i ein barnehage.
Grunna mi eiga interesse for å undra meg over det som er i naturen vart temaet i denne bacheloroppgåva korleis pedagogisk leiar brukar utstyr bevisst for å legga til rette for at barna skal kunna bli nysgjerrige og undra seg over det dei ser og finn ute i naturen. Ut i frå temaet vart problemstillinga «Kva utstyr har pedagogisk leiar med i tursekken for å legga til rette for leik og læring i naturen utanfor barnehagen sitt uteområdet, og korleis blir utstyret brukt?».
For å få svar på problemstillinga valte eg å nytta ein kvalitativ forskingsmetode, og eg intervjua fire pedagogiske leiarar frå to forskjellige barnehagar. I slutten av bacheloroppgåva drøfter eg resultata frå intervjua opp mot teorien og på denne måten svarar eg på problemstillinga som kjem fram i konklusjonen. Ut i frå teorien og drøftinga av resultatet er min konklusjon at det å ha eit standard val av utstyr i tursekken vil vera nødvendig for å kunna påverka barna si merksemd og nysgjerrigheit slik at dei skal kunna læra av det.