Show simple item record

dc.contributor.authorSchjølberg, Håkon
dc.contributor.authorSkinlo, Nikolai
dc.date.accessioned2018-02-20T09:27:13Z
dc.date.available2018-02-20T09:27:13Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2485839
dc.descriptionFriluftsliv ID3-322 15.12.2017nb_NO
dc.description.abstractI denne oppgåva har vi prøvd å finne svar på kva karaktertrekk ein god guide sit med for å leggje til rette for vellukka dagsturisme. Turistar kjem i aukande tal frå alle verdsdelar og i samband med denne auken, ser ein eit behov for at aktørane som tilbyr guiding, har den kunnskapen og dei ferdigheitene som krevjast for trygge og gode opplevingar. Kva desse ferdigheitene er, har vi prøvd å finne svar på med problemstillinga: “Korleis legg ein naturguide til rette for gode opplevingar innanfor dagsturisme”. Teorien vi har teke i bruk i denne oppgåva har som mål å sette lys på relasjonar mellom guide og turist, og ulike måtar å leie gruppa på ut i frå situasjonen ein er i. Vi har teke i bruk teori som viser kvalitetane ein guide må ha. I tillegg har vi vist til modellar og teori om motivasjon, som kan knytast opp mot turisten. Vi har brukt ei kvalitativ tilnærming for å hente inn informasjon til oppgåva. Det vart brukt ein semi-strukturert intervjuguide, delt i tre forskingsdelar. Med dette ønska vi å samle refleksjonar og erfaringar om kva informantane meinte var viktige moment knytt til guiderolla under dagsturisme. Dei to tindeveglederane som vart intervjua, sit med kommersiell erfaring frå guiding på over 10 år kvar. Diskusjonen har vi valt å dele opp i tre delar. I denne delen av oppgåva, knyt vi funna frå intervjuobjekta opp mot relevant teori og drøftar desse. Dei ulike delane er knytt til aktuelle sitat frå informantane som set lys på vår problemstilling. Vi har konkludert med at ein guide brukar situasjonar som oppstår til sin fordel for å gjere opplegget betre. Med ei kartlegging av turisten og ei forventningsavklaring, vert turen tilpassa gruppa sine føresetnadar. Relasjonen og opplevingane ein skaper saman, kan gjere at turisten ynskjer å kome att.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectDagsturismenb_NO
dc.subjectrolleavklaringnb_NO
dc.subjectsikkerheitnb_NO
dc.subjectopplevingnb_NO
dc.titleKorleis skapar ein guide gode opplevingar: eit kvalitativt studie om guiding og dagsturismenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber42nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record