Kunnskapsbasert ernæringspraksis: Eit kvalitetsforbetringsprosjekt med klinisk audit
Abstract
Bakgrunn: Kvalitet og pasienttryggleik har høg prioritet både nasjonalt og internasjonalt. Eit viktig mål er at helsetenestene skal legge forskingsbasert kunnskap til grunn for behandling og omsorg. Det er publisert kunnskapsbaserte retningslinjer for å heve kvaliteten på tenestene og bidra til meir lik praksis, men undersøkingar viser at det er avstand mellom kunnskapsbaserte anbefalingar og den praksis som vert utført. For å heve kvaliteten legg styresmaktene vekt på at helsetenestene skal følgje med og evaluere praksis mot kvalitetsmål, samt utføre forbetringar om nødvendig. Føremål: Føremålet med dette prosjektet var å kartlegge om ernæringspraksis var i samsvar med standard i kunnskapsbasert retningslinje. Metode: Ernæringspraksis vart kartlagt med metoden klinisk audit. Dei tre første trinna i auditsyklus vart gjennomført. Det vart gjort ei retrospektiv kartlegging av dokumentert ernæringspraksis frå journalar til 250 eldre pasientar innlagt i ei ortopedisk avdeling. Praksis vart kartlagt ved å undersøke om pasientar fekk ernæringsscreening ved innlegging, og ei veke etter. Vidare om pasientar i ernæringsmessig risiko fekk oppretta ernæringstiltak i ernæringsplan, og om tiltaket vart følgt opp. Resultat: Resultatet viste at ingen pasientar fekk ernæringsscreening ved innlegging, medan 24 pasientar fekk ernæringsscreening i løpet av opphaldet. Det var manglande ernæringstiltak og oppfølging av pasientar i ernæringsmessig risiko. Konklusjon: Kartlegginga synte avstand mellom kunnskapsbasert standard og praksis, og viser at helsetenestene må auke innsatsen for å implementere forsking i praksis. For at avdelinga skal kunne forbetre kvaliteten på ernæringsbehandlinga, vil tilbakemelding med forslag til forbetring bli gitt. Background: Quality and patient safety are areas of high priority both nationally and internationally. An important objective is to make sure that the health services are founded on evidence-based knowledge, and that this is the basis for treatment and care. Evidence-based guidelines are published to enhance the quality of services and to contribute to equal practice. However, research show that there is a gap between evidence-based guidelines and everyday practice. To strengthen the quality, the authorities emphasis the health services´ responsibility to evaluate and scrutinize everyday practice to see if this is in accordance with quality objectives, and also to carry out improvements if needed. Objective: The objective of this project was to map whether nutritional practices were in accordance to the standards of a evidence-based guideline. Method: Nutritional practice was mapped using clinical audit as a method. The three first steps of the audit cycle were performed. A retrospective mapping of documented nutritional practice was carried out, using data from 250 patient journals of older patients in an orthopedic ward. Everyday practice was mapped by investigating whether the patients received nutritional screening at the time of hospitalization and also if this procedure was repeated on week after. It was also mapped whether patients with nutritional risk were offered a plan of nutritional measures and if these measures were carried out. Results: None of the patients received nutritional screening by the time of hospitalization, while 24 patients were screened during their time of hospitalization. Plans for nutritional measures for patients with nutritional risk, and the following up of this, were lacking. Conclusion: The mapping showed a discrepancy between the evidence-based standards and everyday practice. This shows that the health services must enhance their efforts to implement research in their everyday practice. For the ward to strengthen the quality of the nutritional care, they will receive feedback with suggestions for improvement.
Description
Mastergradsstudium i kunnskapsbasert praksis for helse- og sosialfag