Diskursar om bruk av språk og omgrepslæring i matematikklasserom med språkleg mangfald - eit lærarperspektiv
Abstract
Denne oppgåva har som mål å svare på fylgjande problemstilling: «Korleis snakkar matematikklærarar om bruk av språk og arbeid med omgrepslæring i matematikklasserom med språkleg mangfald?». For å belyse denne problemstillinga er det vald ei kvalitativ tilnærming. Datamaterialet består av observasjon og semistrukturerte intervju, med hovudfokus på intervjua. Informantane er fire lærarar, der to av lærarane er kontaktlærarar, éin er lærar i ei innføringsklasse og éin er morsmålslærar. Alle lærarane underviser i matematikk. Studien har ei diskursteoretisk tilnærming, med føremål om å finne mønster i utsegnene til lærarane for å kunne identifisere diskursar innanfor språk og omgrepslæring. I analysen har eg òg tatt i bruk Ruiz (referert i Planas, 2016) sine språkomgrep språk som ressurs, problem og rettigheit. På bakgrunn av lærarane sine utsegner har eg identifisert ein dominerande diskurs innanfor bruk av elevane sine heimespråk i undervisninga. Denne går ut på at det berre er norsk som skal brukast i matematikkundervisninga. Likevel er det identifisert ein alternativ diskurs til denne diskursen, som omhandlar å bruke elevar sine heimespråk i undervisninga som ein ressurs for forståing. Innanfor omgrepslæring er det mellom anna identifisert diskursar som omhandlar korleis lærarane føretrekk å drive med omgrepslæring. Då det er gjort lite forsking om matematikkundervisning i klassar med språkleg mangfald i Noreg, er denne oppgåva eit bidrag til å få innsikt i korleis lærarar ser på bruk av elevar sine heimespråk og omgrepslæring i matematikklasserom med språkleg mangfald. Vi treng meir kunnskap innan feltet matematikkundervisning i klassar med språkleg mangfald. Då dei fleste skulane i dag har språkleg mangfald blant elevar og lærarar, er det viktig at dette tema får ein tydelegare plass i lærarutdanninga og innan matematikkdidaktikk, for å styrke kunnskapsbasert praksis i skulen. The purpose of this thesis is to answer following research question: “How do teachers in mathematics speak about language and work with conceptual learning in multilingual classrooms?” To illuminate the research question, a qualitative approach is utilized. The data is based on observations and semi-structured interviews, with focus on the interviews. The informants are four teachers, two of them are grade teachers, one of them is a teacher in an introduction class and one is a mother tongue teacher. All of them are teachers in mathematics. The study has a discourse theoretical approach, and the purpose has been to find patterns in the teachers’ statements to identify discourser about use of language and conceptual learning. The language concepts by Ruiz (in Planas, 2016) language as resource, problem and right are used in the analysis. On the basis of the teachers’ statements about using students home languages in the classroom I have identified a dominated discourse saying only Norwegian that is going to be used in the teaching of mathematics. Nevertheless, one alternative discourse has been identified for this discourse, which deals with using the students’ home languages for a resource for understanding. Within conceptual learning, discourses that deal with how teachers prefer to practice conceptual learning, have been identifies. Due to little research about mathematics teaching in classrooms with linguistic diversity, this paper is a contribution to gaining insight into how teachers looking at the practice of students using their home language and about conceptual learning in mathematic classrooms with linguistic diversity. We need more knowledge in the field of mathematics education in classes with linguistic diversity. Since most of the schools currently have linguistic diversity among students and teachers, it is important that this topic is given a more significant place in a teacher’s education and in mathematics didactics, to strengthen knowledge based practice in the school.
Description
Masteroppgave i undervisningsvitskap med fordjuping i matematikk