Kva verdigrunnlag er rådande hjå dei som arbeidar i eit Housing First program?
Abstract
Bakgrunn:
I 2012 vart 12 kommunar med i pilotprosjekt kring implementering av Housing First i Noreg. Husbanken har adoptert ordninga frå New York og «Pathway to Housing». I samband med Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, skulle ein utføre ein studie kring to av desse prosjekta. I samband med dette vart eg spurt om eg ville forske på dei tilsette i Housing First programma sitt verdigrunnlag, for å sjå om det var i samsvar med metoden sitt verdigrunnlag.
Hensikt:
Hensikten med denne studien er å auke medviten rundt kva verdigrunnlag som er rådande hjå tilsette i Housing First program.
Metode:
Dette er en kvalitativ studie med eit hermeneutisk utgangspunkt. Ein har gjennomført individuelle intervju med 6 menneske som er tilsett i 2 ulike Housing First program på Vestlandet. Det vart brukt semi-strukturerte intervju.
Resultat:
Studia fann at det var særleg fire verdiar som vart rådande hjå dei som arbeidar i Housing First program. Det er verdiane respekt, toleranse, likeverd og verdigheit.
Oppsummering/konklusjon:
Det er verdiane respekt, toleranse, likeverd og verdigheit som er rådande hjå dei som arbeidar i eit Housing First program. Dette er i samsvar med dei verdiane som er sentrale i Housing First metoden.