dc.description.abstract | Byen Førde, som fleire andre stadar, har behov for utbygging. For å møte dette behovet har Førde kommune vedteke at det sentrumsnære området Indre Øyrane skal byggjast ut for mellom anna bustader, forretningar, omsorgsbustader og park. Vi har i denne oppgåva teke føre oss utforminga av denne parken opp mot fleire bestemte rammer.
Planforslaget tek utgangspunkt i desse rammene; utbyggingsplanar i nærområdet, herunder Førdepakken og Førde kommune sine planar for Indre Øyrane, elvelaupet Løken som delvis omringar Indre Øyrane, og universell utforming. Eit av hovudgrepa i utforminga er at parken vert delt i tre soner som legg til rette for ulik bruk. Den første sona skal utgjere eit torg, som kan fungere som ein samlingsstad for ulike anledningar. Den andre sona skal særleg legge til rette for aktivitet i form av leik og sport. Den tredje sona skal ha eit innhald med meir fokus på rekreasjon ved element som til dømes sansehage. For å oppnå ein heilskap, har vi brukt fleire gjennomgåande element som til dømes vegetasjon og samanhengande vegnett for mjuke trafikantar gjennom alle sonene. Parken skal vere ein stad for menneske i alle aldrar, uansett funksjonsevne. Tanken er at den skal vere ein stad for til dømes turgåing eller opphald, og fungere som eit positivt innslag for å fremje trivsel i Førde. | nb_NO |