Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLudvigsen, Ingeborg Enes
dc.date.accessioned2017-05-30T11:49:39Z
dc.date.available2017-05-30T11:49:39Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2443858
dc.description.abstractBakgrunn: Gjennom min utdanning har eg møtt mange pasientar ramma av kreft. Dette har gjort stort inntrykk på meg og møtet mellom sjukepleiar og kreftpasient har lenge interessert meg. Eg ønska å skrive om brystkreft då dette er noko eg interesserer meg meir for, samt at dette var noko eg ønska å få meir kunnskap om. Problemstilling: Korleis kan sjukepleier hjelpe unge brystkreft ramma kvinner til å mestre endring i kroppsbilde etter kirurgisk fjerning av brystet? Oppgåvas hensikt: Hensikta med oppgåva var å undersøke og belyse om det finnes ein samanheng mellom det å fjerne brystet og kroppsbilde hjå yngre kvinner. Og å undersøke kunnskap om korleis sjukepleiar kan hjelpe kvinnene til å mestre eventuelle endringar i kroppsbildet etter fjerning av bryst. Metode: Litteraturstudie, der faglitteratur og forsking er nytta for å belyse min problemstilling. Funn: Hovudfunna viser at yngre kvinner bekymrar seg meir for kroppsbilde etter ein mastektomi. Kvinnene beskriver tap av kontroll over eige liv etter fjerning av bryst. Men at mestringsstrategiar hjelper kvinnene til å gjenvinne kontroll over eige liv og hjelpe dei tilbake til kvardagen. Det at sjukepleiar er tilstade og ser kvinnene og deira behov er viktig for at kvinnene skal føle seg sett. Sjukepleiarar beskriver erfaring med at kvinnene har lite kunnskap om diagnosen og behandling, og sjukepleiarane erfarer at dei må vera talsmann for kvinnene. Konklusjon: Studiane bekreftar at det er ein samanheng mellom endring i kroppsbilde og mastektomi. For å mestre dette trenger kvinnene at sjukepleiar er tilstade og tilgjengelig, og veit om deira individuelle behov. Vidare for å hjelpe kvinnene til å mestre det endra kroppsbilde, er sosial støtte og fremming av medbestemming faktorar som sjukepleiar skal bidra med. Nøkkelord: Brystkreft, mastektomi, kroppsbilde, mestringnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleÅ finne meining i å miste eit bryst.nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel