Entreprenørskapslyst blant unge i rurale område. Regionale skilnader og endring over tid
Abstract
Datamaterialet i denne undersøkinga er henta inn gjennom spørjeundersøkingar blant avgangselevar i to vidaregåande skular i Sogn, Høyanger og Årdal, og to på Sunnmøre, Herøy og Ulstein. Vi stilte dei same spørsmåla til to avgangskull med om lag ti års mellomrom (2001 for alle fire kommunane, 2011 for sognekommunane og 2013 for sunnmørskommunane). Resultata viser at leiarambisjonar og ynskje om å skapa noko nytt er dei faktorane som i størst grad påverkar entreprenørlysta blant unge. I sunnmørskommunane har òg støtte frå familie og vener stor innverknad, medan entreprenørlysta i dei to sognekommunane vert påverka av sjølvstendig næringsdrivande foreldre. Nokre faktorar som verka inn på entreprenørskapslysta i 2001, hadde ingen effekt ti år seinare. Å vera uavhengig er eit døme på dette. Å skapa noko nytt er døme på ein faktor som ikkje hadde innverknad på entreprenørskapslysta i 2001, men derimot i 2011/2013. I 2001 hadde gutar på Sunnmøre høgare entreprenørskapslyst enn gutar i Sogn. Denne skilnaden var utviska i 2011/2013. Dei to karriereankera sikker framtid og følgja faglege interesser har fått ein negativ innverknad på entreprenørlysta i Herøy og Ulstein i 2013. Dette var ikkje tilfellet i 2001.
Description
Innovasjon og entreprenørskap : Fjordantologien 2015