• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for ingeniør- og naturvitskap / Faculty of Engineering and Science
  • Institutt for miljø- og naturvitskap
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for ingeniør- og naturvitskap / Faculty of Engineering and Science
  • Institutt for miljø- og naturvitskap
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Landskapsendringar i eit vestnorsk kystlandskap dei siste 35 åra: Samanhengen mellom auka attgroing, klima og brannfrekvens

Nybø, Gunnhild Karin
Master thesis
Thumbnail
Åpne
Gunnhild Karin Nybø_Landskapsendringar.pdf (2.741Mb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2432715
Utgivelsesdato
2016
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Institutt for miljø- og naturvitskap [569]
Sammendrag
Naturtypen kystlynghei har sidan 1950-talet hatt kraftig nedgang i areal. Mange av lyngheiene vart dyrka opp eller bygde ned, medan andre vart planta til med sitkagran (Picea sitchensis), som no i tillegg spreier seg. Nedlegging av småbruk og redusert utmarksbeite har også gjort sitt til at mange av lyngheiene no gror att. Dei norske kystlyngheiene er menneskeskapte landskap, og når dei ikkje lenger vert skjøtta gjennom beiting og kontrollert lyngbrenning, kan den vedvarande attgroinga føra til auka brannfare. Målet med studien var å undersøka: (1) korleis landskapet i studieområdet (med spesiell fokus på utmarka) har endra seg i perioden 1978-2013; (2) om brannfrekvensen (av ukontrollerte brannar) har auka i kystlyngheiene i studieområdet som følgje av attgroing og mindre skjøtsel; og (3) om brannane som har oppstått kan forklarast av klimafaktorar som temperatur og nedbørsmengder.

Studieområdet består av kommunane Fjell og Sund og ligg vest i Hordaland fylke. For undersøkinga av landskapsendringar vart kartdata frå Norge digitalt, samt flyfoto brukte for digitalisering i ArcGIS. Landskapet vart delt inn i dei fire kategoriane skog, busetnad, innmark og utmark, og digitalisert ved tidspunkta 1978, 1995 og 2013. Brannstatistikk og klimadata for studieområdet vart brukte til utføring av statistiske analysar. Det vart testa om brannfrekvensen auka over tid, samt om det var nokon samanheng mellom brannfrekvens og klima.

Resultatet viste at skog og busetnad hadde auka drastisk, medan utmarks- og innmarksarealet hadde minka. Det var ikkje nokon signifikant auke i brannfrekvensen i studieområdet over tid, og det var først og fremst nedbørsvariablane som avgjorde talet på brannar i studieperioden. Det framtidige klimaet vil truleg føra til ein lengre vekstsesong, og om dette vert kombinert med mangel på skjøtsel av lyngheiene, er det sannsynleg at brannfaren i landskapet vil auka meir, anten i form av brannfrekvens, storleik eller alvorsgrad av brannane.
Beskrivelse
PL4-301, Master Thesis in Landscape Planning

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit