Show simple item record

dc.contributor.authorHaugen, Else Anette
dc.date.accessioned2016-08-09T12:39:50Z
dc.date.available2016-08-09T12:39:50Z
dc.date.issued2016-08-09
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2398514
dc.description.abstractOppgåva Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium ser nærare på det spelbaserte responssystemet Kahoot. Oppgåva skildrar funn frå ein kvalitativ kasusstudie med fenomenologisk perspektiv. Formålet med studien er å få innsikt i korleis elevane opplever å bruke Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium. Oppgåva søker svar på følgjande to forskingsspørsmål: 1) Korleis påverkar opplegg kor elevane lagar og presenterer quizar for kvarandre eleven si oppleving av motivasjon og læring? og 2) Korleis opplever elevane å bruke Kahoot og Ghost mode til sjølvstudium til prøve? Bakgrunnen for studien er eiga interesse for å integrere større grad av interaktivitet og digitale verktøy for pedagogisk bruk i undervisninga på vidaregåande skule. Målet med det er å skape meir aktivitet, engasjement og motivasjon rundt lærestoffet. Studien fokuserer på korleis elevane sjølv opplever å bruke Kahoot og Ghost mode til samarbeidslæring i undervisninga og til sjølvstudium. I det teoretiske rammeverket inngår læring og utvikling i eit sosiokulturelt perspektiv med arbeidet til Lev Vygotsky, motivasjonsteori (SDT) av Deci & Ryan og spelteori. I følgje spelprofessor og Kahoot-gründer Alf Inge Wang er det tidlegare ikkje gjort noko forsking på samarbeidslæring og motivasjon med utgangspunkt i opplegg kor elevane sjølv lagar quiz i Kahoot. Det same gjeld bruk av tillegget Ghost mode. Denne oppgåva vil difor kunne vera eit tilskot til forskingsfeltet, og gi meir innsikt i korleis elevar opplever å bruke Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium. Studien viser at elevane er positive til å bruke Kahoot i samarbeidslæring og sjølvstudium. Funn peikar på at Kahoot fungerer som eit stilas og støttar læringsprosessen, samtidig som Kahoot skaper motivasjon hjå elevane. Studien peikar òg på at elevane opplevde det som nyttig å bruke Kahoot til sjølvstudium. Kahoot vart brukt som eit verktøy for bevisstgjering av kunnskap, noko som førte til at eleven fekk tilbakemelding på kva dei kunne, og kva dei måtte tileigne seg av kunnskap. Funn viser at elevane føretrakk Kahoot i rein form i staden for å bruke Ghost mode då elevane opplevde tidselementet som stressande.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleKahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium: Elevperspektiv på bruk av Kahoot i vidaregåande skulenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record