Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium: Elevperspektiv på bruk av Kahoot i vidaregåande skule
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2398514Utgivelsesdato
2016-08-09Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium ser nærare på det
spelbaserte responssystemet Kahoot. Oppgåva skildrar funn frå ein kvalitativ
kasusstudie med fenomenologisk perspektiv. Formålet med studien er å få innsikt i
korleis elevane opplever å bruke Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium.
Oppgåva søker svar på følgjande to forskingsspørsmål: 1) Korleis påverkar opplegg
kor elevane lagar og presenterer quizar for kvarandre eleven si oppleving av
motivasjon og læring? og 2) Korleis opplever elevane å bruke Kahoot og Ghost
mode til sjølvstudium til prøve?
Bakgrunnen for studien er eiga interesse for å integrere større grad av interaktivitet
og digitale verktøy for pedagogisk bruk i undervisninga på vidaregåande skule.
Målet med det er å skape meir aktivitet, engasjement og motivasjon rundt
lærestoffet. Studien fokuserer på korleis elevane sjølv opplever å bruke Kahoot og
Ghost mode til samarbeidslæring i undervisninga og til sjølvstudium. I det
teoretiske rammeverket inngår læring og utvikling i eit sosiokulturelt perspektiv
med arbeidet til Lev Vygotsky, motivasjonsteori (SDT) av Deci & Ryan og
spelteori.
I følgje spelprofessor og Kahoot-gründer Alf Inge Wang er det tidlegare ikkje gjort
noko forsking på samarbeidslæring og motivasjon med utgangspunkt i opplegg kor
elevane sjølv lagar quiz i Kahoot. Det same gjeld bruk av tillegget Ghost mode.
Denne oppgåva vil difor kunne vera eit tilskot til forskingsfeltet, og gi meir innsikt i
korleis elevar opplever å bruke Kahoot til samarbeidslæring og sjølvstudium.
Studien viser at elevane er positive til å bruke Kahoot i samarbeidslæring og
sjølvstudium. Funn peikar på at Kahoot fungerer som eit stilas og støttar
læringsprosessen, samtidig som Kahoot skaper motivasjon hjå elevane. Studien
peikar òg på at elevane opplevde det som nyttig å bruke Kahoot til sjølvstudium.
Kahoot vart brukt som eit verktøy for bevisstgjering av kunnskap, noko som førte
til at eleven fekk tilbakemelding på kva dei kunne, og kva dei måtte tileigne seg av
kunnskap. Funn viser at elevane føretrakk Kahoot i rein form i staden for å bruke
Ghost mode då elevane opplevde tidselementet som stressande.