Brystkreftopererte og seksualitet
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2395025Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar fremje seksualitet blant unge kvinner med mastektomi?
Bakgrunn for val av tema: Eg har valt å skrive om brystkreftopererte og seksualitet, då brystkreft er den hyppigaste forma for kreft blant kvinner. I 2014, vart det i Noreg oppdaga 3324 nye tilfelle. Gjennom praksis har eg erfart at pasientars seksuelle behov i liten grad har blitt vektlagt av sjukepleiarar, til tross for at behandling kan medføre forandringar som ein veit kan ha ein uheldig innverknad på seksuallivet, og som dermed kan påverke helse og livskvalitet. Det er difor nødvendig med meir kunnskap kring korleis ein som sjukepleiar kan fremje seksualitet hos den enkelte.
Framgangsmåte: Oppgåva er basert på eit litteraturstudie. I metoden har eg nytta ulike databasar for å finne relevant forsking for å belyse problemstillinga mi. Eg har innhenta pensumlitteratur og andre relevante bøker frå biblioteket ved høgskulen. Eg har til saman fire forskingsartiklar, i tillegg til at eg vil dele eigne erfaringar frå praksis.
Oppsummering: Gjennom drøfting av litteratur, forsking og eigne erfaringar frå praksis ser eg at sjukepleiarrolla i stor grad omhandlar kommunikasjon, relasjon og informasjon, som er heilt avgjerande i møte med kvinna. Det er viktig å sjå den enkelte, lytte og vise omsorg. Sjukepleiar må ha kunnskap om korleis sjukdom og behandling kan påverke fysiske og psykiske utfordringar i forhold til seksualitet. I fleire studiar har kvinner rapportert mangel på informasjon og rettleiing blant sjukepleiarar. Kvinnene har individuelle behov, og dette skal respekterast på ein fullverdig måte.
Beskrivelse
Bachelor i sjukepleie
SK 152