Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSkram, Birgit Sofie Weel
dc.contributor.authorElvebakk, Aina Elene Heggdal
dc.date.accessioned2016-06-30T11:46:52Z
dc.date.available2016-06-30T11:46:52Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2395008
dc.descriptionBachelor i sjukepleie SK 152nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn I denne oppgåva ynskjer eg å utdjupe korleis sjukepleiaren sine haldningar påverkar møtet med ein rusavhengig pasient, og kva konsekvensar dette kan føre til for den rusavhengige. Personar med rusavhengigheit har gjerne vore i gjennom vanskelege livssituasjonar og møtt på mange problem i liva sine. Det turbulente livet har gjerne ført til familiære problem som skilsmisse og forsømte born. Ein kan ha mista bustad, arbeid, mangel på kontroll over økonomi og vener, etter mange år med uansvarlegheit, mistillit og løgnar. Dette kan vere med å prege den rusavhengige, og eg meiner det er viktig at sjukepleiarar har kunnskap om kva rus er og kva det kan føre med seg. Eg har sjølv sett eksempel på god samhandling, men også nedlatande haldningar i møte med denne pasientgruppa. Som sjukepleiar bør ein ha kunnskap og opplæring i korleis ein skal imøtekome denne pasientgruppa. Ein skal møte alle pasientar med respekt og empati uavhengig av diagnose, historie eller bakgrunn. Problemstilling Korleis kan ein sjukepleiar bidra til å fremme respektfull omsorg for rusavhengige? Metode Dette er ein litteraturstudie. Forskingsartiklar er funne i databasane PubMed, Cinahl og Oria. Anna aktuell litteratur er funne på Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt bibliotek. Oppsummering Funna i denne studien viser at rusavhengige blir møtt med stigmatisering og fordommar i møte med sjukepleiarar. Forskning viser at meir undervisning og opplæring er nødvendig for å sikre meir kunnskap om rus og rusavhengige blant sjukepleiarar. Dette vil ikkje berre føre til betre samhandling, men også betre sjukepleiar-pasient forhaldet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectrusmisbruknb_NO
dc.subjectomsorgnb_NO
dc.subjecthaldningarnb_NO
dc.titleÅ sjå personen bak pasientennb_NO
dc.title.alternativeSjukepleiarens haldningar til rusavhengigenb_NO
dc.title.alternativeTo see the person behind the patientnb_NO
dc.title.alternativeThe nurses’ attitude towards drug addictsnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber23nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel