• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for helse- og sosialvitskap / Faculty of Health and Social Sciences
  • Institutt for helse- og omsorgsvitskap
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for helse- og sosialvitskap / Faculty of Health and Social Sciences
  • Institutt for helse- og omsorgsvitskap
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Å sjå personen bak pasienten

Elvebakk, Aina Elene Heggdal
Bachelor thesis
Thumbnail
View/Open
2016Elvebakk.pdf (846.1Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2395008
Date
2016
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2644]
Abstract
Bakgrunn

I denne oppgåva ynskjer eg å utdjupe korleis sjukepleiaren sine haldningar påverkar møtet med ein rusavhengig pasient, og kva konsekvensar dette kan føre til for den rusavhengige. Personar med rusavhengigheit har gjerne vore i gjennom vanskelege livssituasjonar og møtt på mange problem i liva sine. Det turbulente livet har gjerne ført til familiære problem som skilsmisse og forsømte born. Ein kan ha mista bustad, arbeid, mangel på kontroll over økonomi og vener, etter mange år med uansvarlegheit, mistillit og løgnar. Dette kan vere med å prege den rusavhengige, og eg meiner det er viktig at sjukepleiarar har kunnskap om kva rus er og kva det kan føre med seg.

Eg har sjølv sett eksempel på god samhandling, men også nedlatande haldningar i møte med denne pasientgruppa. Som sjukepleiar bør ein ha kunnskap og opplæring i korleis ein skal imøtekome denne pasientgruppa. Ein skal møte alle pasientar med respekt og empati uavhengig av diagnose, historie eller bakgrunn.

Problemstilling

Korleis kan ein sjukepleiar bidra til å fremme respektfull omsorg for rusavhengige?

Metode

Dette er ein litteraturstudie. Forskingsartiklar er funne i databasane PubMed, Cinahl og Oria. Anna aktuell litteratur er funne på Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt bibliotek.

Oppsummering

Funna i denne studien viser at rusavhengige blir møtt med stigmatisering og fordommar i møte med sjukepleiarar. Forskning viser at meir undervisning og opplæring er nødvendig for å sikre meir kunnskap om rus og rusavhengige blant sjukepleiarar. Dette vil ikkje berre føre til betre samhandling, men også betre sjukepleiar-pasient forhaldet.
Description
Bachelor i sjukepleie SK 152

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit