Personar med demens på sjukeheim
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2394983Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn for val av tema
Eg har valt å skrive om korleis sjukepleiar kan fremje samhandling for å skape gode møter med personar med demens, ved bruk av reminisens eller minnearbeid. Som sjukepleiarstudent har eg gjennom ulike praksisperiodar møtt personar med demens. Eg har erfart at kommunikasjon kan vera utfordrande med denne pasientgruppa, og at kommunikasjon er avgjerande for korleis samhandlinga mellom pasient og sjukepleiar er. Eg har derfor valt å finne meir ut av reminisens som kommunikasjonsmetode og kva det gjer med personen med demens.
Problemstilling
Korleis fremje samhandling ved bruk av reminisens?
Framgangsmåte
Oppgåva er utforma som eit litteraturstudie. Den byggjer på litteratur frå pensum og sjølvvalt litteratur som omhandlar temaet. Søk etter forsking er gjort i Oria som er bibliotekbasen på høgskulen, databasane Academic Search Elite der eg avgrensa søka til Cinahl og Medline, har og brukt SveMed+ og Cochrane Library. Artiklane som er tatt i bruk er med på å belyse problemstillinga. Har og tatt med eigne erfaringar.
Oppsummering
Minnearbeid tar utgangspunktet i å hente fram personlige og meiningsfulle hendingar frå tidligare i livet. For å ta i bruk reminisens er det viktig at helsepersonellet har kjennskap til pasienten sin livshistorie. Pårørande er ein viktig ressurs i datasamlinga, for å hente inn bakgrunnsinformasjon om pasienten. Dess meir sjukepleiaren kjenner til ein person og oppdagar minnearbeidet sin gevinst, dess høgare sannsyn er det for at minnearbeid vert tatt i bruk. Sjukepleiaren må og informere om denne metoden og få med seg heile personalet til å bruke det i praksis. Reminisens kan brukast ved individuell tilnærming og i minnegrupper.
Beskrivelse
Bachelor i sjukepleie
SK 162