Automatisert modell av vassbehandlingsanlegg
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2393075Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Vi har bygd ein modell som syner verkemåten til eit mindre vassbehandlingsanlegg, samt kjende automatisering- og vassbehandlingsprosessar i tilknyting til dette. Prosessar som vert illustrert er til dømes vassfiltrering, regulering av nivå, trykk og liknande. Arbeidet med utviklinga av modellen har vore samansett av forskjellige fagområder, som til dømes prosesstyring, måleteknikk og fysikk. Det teoretiske grunnlaget som vert presentert innan kvart emne, samt berekningar og vurderingar knytt til dette, er med på å grunngje dei vala og drøftingane vi har gjort i forhold til komponentar og utstyr. For å få modellen mest mogleg realistisk har vi valt å nytte komponentar som vert nytta i verkelege anlegg, som til dømes vassbasseng, pumper, ventilar og rør. Styringa til modellen er programmert i ein Regin PLS. Det er også utvikla ein HMI der ein kan kontrollere og styre dei ulike prosessane. Resultatet av dette prosjektet er i hovudsak ein ferdig prosjektert, utvikla og bygd vassbehandlingsmodell, med ei funksjonell styringseining.
Beskrivelse
HO2-300 Bacheloroppgåve
Hovudrapport
Avdeling for Ingeniør- og naturfag