Eg chattar mykje, men eg les og skriv aldri…: Lese- og skrivemengde hos ungdom
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2372378Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva har det overordna temaet lese- og skrivemengde hos ungdom mellom 13-16 år. Resultata er kome fram med grunnlag i fleire undersøkingar utført i eit utval av 152 norske elevar mellom 13 og 16 år.
Undersøkingane som dannar grunnlaget for resultatet er i hovudsak kvantitative. Dei metodiske instrumenta som har vorte brukt er spørjeskjemaundersøking, eigenkartlegging og korte, uformelle intervju. Spørjeskjemaundersøkinga vart gjennomført i skuletida for 152 elevar. I tillegg utførte elevane ei eigenkartlegging sjølv av lese- og skrivemengda si i sju døgn. Det vart dessutan gjennomført intervjuliknande samtalar med seks elevar. Desse samtalane vart brukt for å utdjupe og underbyggje funn frå dei andre to metodane.
Det kom fram av undersøkingane at formeiningane elevane har om si eiga lese- og skrivemengde er avhengig av kjønn. Jenter les meir enn gutar. Dei mest lesne og skrivne sjangrane, og dei sjangrane ungdommane brukar mest tid på, er analog skule, digital kommunikasjon og digital fiksjon. Jentene trur dei les og skriv meir enn dei eigentleg gjer, medan gutane har ei realistisk formeining om si eiga lese- og skrivemengde.
Jenter likar betre både å lese og skrive enn gutar. Elevar, og særleg gutar, som ikkje likar å lese og skrive, unngår lese- og skriveaktivitet. Lese- og skrivemengda til både gutar og jenter aukar i takt med elevane deira haldningar til lesing og skriving
Beskrivelse
MAS3-307 Masteroppgåve I læring og undervisning