Verkty for lesekompetanse: Ei bacheloroppgåve om rollekort og loggbok som verkty for lesekompetanse i ungdomsskulen.
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2358144Utgivelsesdato
2015-10-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne bacheloroppgåva har me undersøkt om rollekort som lesestrategi og bruk av loggbok som verkty kan vere med på å fremje lesekompetanse hos elevar på ungdomsskuletrinnet. Me er båe opptekne av lesing som grunnleggjande dugleik og ville finne ut om lesestrategien “å lese med ulike roller” og loggbok kunne fremje lesekompetansen. Lesestrategien “å lese med ulike roller” vart me introdusert for i vår eiga undervisning på Høgskulen Stord/Haugesund og me bestemte oss for å planleggje eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i dette. Me tilførde bruk av loggbok med før- og etterlesingsspørsmål. Vår endelege problemstilling vart difor slik: Korleis kan bruk av rollekort og loggbok fremje lesekompetanse?
I Læreplanen for norskfaget står det at : «..elevene kan forstå, bruke, reflektere over og engasjere seg i skrevne tekster for å kunne nå sine mål, for å utvikle sine kunnskaper og evner, og for å delta i samfunnet» (Utdanningsdirektoratet, 2012). Lesing spelar ei sentral rolle i opplegget vårt. Hovudteoriane me presentere i oppgåva vår omhandlar lesing som grunnleggjande dugleik, komponentar for god leseopplæring, resiprok leseopplæring, lesing av skjønnlitteratur, litterær samtale, gruppesamtalar, lesing med rollekort og loggbok. Me valte å lesa eit utdrag frå Arne Svingen si bok “Primitive Pungdyr”, høgt for elevane. Deretter skulle dei lese sjølve og arbeide i grupper og skrive leselogg.
Me har nytta ein kvalitativ metode der me har nytta vårt eige undervisningsopplegg, observasjonar frå klasserommet og analyse av elevane sine loggbøker for å hente inn empiri til forskinga vår. Me har også brukt aksjonsforsking, som vil seie å forske på eiga praksis. I opplegget er me båe deltakande og observatørar i opplegget, noko som krev at me er medvite i handsaming av data.
Gjennom loggbøkene og observasjonen oppdaga me fleire interessante funn. For det første så lærte me at eit slikt opplegg må vera godt planlagd og førebudd før ein skal kunne utføre det med vellukka resultat i praksis. For det andre så er ein avhengig av å skape ein god kultur for fagleg samtale i klasserommet. Vidare lærte me at arbeid med loggbok i stor grad avheng av at læraren må vere aktiv å ta tak i eventuelle utfordringar undervegs. I observasjonane såg me at elevane var aktive og deltakande i læringsprosessen. Dei hadde mange gode samtalar og alle kunne presentere minst eit funn i ein avsluttande klassesamtale. Når elevane først arbeida
4
i mindre grupper, vart dei trygge på å snakke høgt i klassen etterpå. Me kan difor seie at elevane har vore igjennom ein kort modningsprosess.
Me føler at me har fått eit positivt resultat av forsking på eiga praksis, og me har oppdaga til dømes kor viktig det er med god førebuing for å auke læringa hos elevane. Ein konklusjon i frå oss er at rollekort og loggbok er gode verkty for å fremje lesekompetanse, også i samband med gruppearbeid og litterær samtale i klasserommet.