Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFylkesnes, Monica
dc.contributor.authorNesse, Anita Joy
dc.date.accessioned2015-10-27T11:46:27Z
dc.date.available2015-10-27T11:46:27Z
dc.date.issued2015-10-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2358124
dc.description.abstractI opplæringslova § 1-3 er tilpassa opplæring nedfelt som eit gjennomgåande prinsipp i heile opplæringa, og det er skulen og lærars ansvar at eleven får best mogeleg utbytte av opplæringa. Med omsyn til tilpassa opplæring har me i vårt FoU-arbeid valt å sjå om mediering frå lærar saman med sansebasert stasjonsarbeid kan bidra til læring i bokstavinnlæringa på 1. trinn. Problemstillinga vår er; Kan mediering frå lærar saman med sansebasert stasjonsundervisning gi auka læring hjå eleven i bokstavinnlæringa? På bakgrunn av denne problemstillinga ynskte me å prøve ut eit undervisningsopplegg som me meiner sikrar tilpassa opplæring ved å nytte handdokka som medieringsverkty og sansebasert stasjonsarbeid etter Dunn og Dunn læringsstilsmodell. Teoridelen er delt inn i to hovuddelar, faga norsk og pedagogikk. I kvar av desse to hovuddelane har me tatt med teori som me synes belyser og byggjer oppunder vårt FoU-arbeid. I norskfaget ser me på den fyrst lese- og skriveopplæringa og på teori om bokstavinnlæring. Innanfor pedagogikkfaget har me sett på læringsteoriane til Vygotsky og Piaget, Dunn og Dunns læringsstilsteori, motivasjonsteori og teori om bruk av handdukka som medieringsverkty i undervisninga. Metoden me har me nytta i FoU-arbeidet vårt er undervisningsopplegg og ustrukturert intervju av informant. Me har gjennomførte undervisningsopplegget vårt på tre ulike skular, dette for å auke truverdet i arbeidet vårt. Me har valt å nytte eigne observasjonar medan me gjennomførte undervisningsopplegget, dette kan ha medført enkelte feilkjelder i vårt FoU-arbeid. Etter undervisningsopplegget hadde me eit ustrukturert intervju med informantane, desse fekk spørsmåla på førehand slik at dei var merksame på kva dei skulle observere. I vårt FoU-arbeidet har me erfart at det å nytta handdokka som medieringsverkty i introduksjon til ny bokstav har god påverknad på motivasjon og læring i bokstavinnlæringa. Påfølgjande sansebasert stasjonsarbeid i bokstavinnlæringa gjev elevane variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar. Undervisningsopplegget vårt var tidskrevjande å lage, men me erfarte at det var ein kjekk måte å arbeide med bokstavinnlæringa på.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectLærernb_NO
dc.titleKan mediering frå lærar saman med sansebasert stasjonsundervisning gi auka læring hjå eleven i bokstavinnlæringa?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel