Detaljert kvartærgeologisk kartlegging med tanke på skredfarevurdering, ved Dravlaus og Velle i Sykkylven kommune
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2356337Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva presenterer eit detaljert kvartægeologisk kart i målestokk 1:5000 over
eit område på Velle og Dravlaus i Sykkylven kommune. Dette med tanke på
skredfarevurdering.
I det kvartærgeologiske kartet er det med relevante landformer som også kan vere danna av
skred.
Kartlegginga er gjort gjennom feltarbeid, intervju av lokale folk i området og bruk av
georadar. Ein har også i dette arbeidet nytta kart frå kartbasen til NGU, Skrednett, ortofoto
frå Norge i bilde og artiklar frå lokale media.
Skredavsetningane som gjekk att i studieområdet er steinsprangavsetning og snø- og
jordskredavsetning, med varierande grad av mektigheit og dekke. Alle skredviftene i
studieområdet vart kartlagt som snø- og jordskredavsetning.
Områder der snøskred var dominerande, då spesielt tørrsnøskred, vart merka av med
symbolet snøskredavsetning.
Utløpsblokker frå steinsprang har også blitt kartlagt. Dette er ikkje kartlagt i Blikra (1998)
sitt kvartærgeologiske kart. Eg har klassifisert dei ulike blokkene gjennom ulik symbolbruk.
Dette for å vise visuelt kor truleg dei kjem frå steinsprang eller er transportert dit av ein
annan prosess.
Samanlikna med Blikra (1998) sine skredviftegrenser mot elvesletta og dei grensene eg
har sett, er der litt forskjell. På det meste 70 m. Enkelte stadar er grensene mykje nærmare
kvarandre.
Georadar synte seg ikkje gav nokon ekstra presis informasjon om skredfaren i området
utover det eg fekk vite i intervjua. Derimot kan georadar gi ei betre forståing av den
geologiske utviklinga av området, noko som også er viktig å ha med seg i ei
skredfarevurdering.
Beskrivelse
Geologi og geofare
GE491
Juni 2015