Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrov, Elisabeth
dc.date.accessioned2014-10-14T07:32:42Z
dc.date.available2014-10-14T07:32:42Z
dc.date.issued2014-10-14
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/223658
dc.description.abstractÅ bruke digitale verktøy både i fritida og på skulen, har gjennom dei siste 10 åra auka i omfang. Spørsmålet er om dei digitale aktivitetane elevane praktiserer utanfor skulen også kan nyttast som ein del av undervisninga, eller om dei er for ulike. Føremålet med denne studien var å undersøke korleis elevane opplever forholdet mellom digital fritidskultur og skulekultur, og om opplevingane til elevane samsvarar med intensjonen bak innføringa av digital kompetanse i læreplanen. Det var også av interesse å leite etter ei mogeleg brubygging mellom elevane sine digitale interesser som vert praktisert i fritida og på skulen. Den overordna problemstillinga i studien var: Korleis opplever elevane ulike digitale praksisar i klasserommet? Ved å studere fenomenet frå eit elevperspektiv, fekk elevane sjølve ei stemme i debatten om digital kompetanse. Studien er gjennomført i Mixed Methods og empirien er henta frå ei spørjeundersøking og fire påfølgjande fokusgruppeintervju. På denne måten fekk elevane setje ord på funn som vart gjort i den kvantitative fasen av studien. Det er elevane sine ytringar og refleksjonar i dei kvantitative og kvalitative undersøkingane som står sentralt i problemstillinga. Empirien frå denne studien viser at intensjonen bak innføringa av den femte grunnleggjande ferdigheita på mange område ikkje vert erfart av elevane. Med bakgrunn i elevane sin respons i undersøkingane argumenterer eg for å skape tydelege skilje mellom elevane si fritid og skulen sitt akademiske innhald. Dette fordi elevane opplever at dei mistar fokus på faga når dei får tilgang til teknologien, og at dei prioriterer sosiale media, nettspel og andre nettaktivitetar når arbeidet deira ikkje skal vurderast med karakter. Skulen må stå fram som ein tydeleg motpart til eleven si fritid. Fagleg kunnskap må stå i fokus, og det bør ikkje opnast opp for at elevane skal leve ut fritida i skulen. Dette betyr ikkje at teknologien skal fjernast frå utdanningssystemet. Teknologien er ein viktig del av kvardagen og arbeidslivet og den skal vere ein del av opplæringa som vert ført i skulen, men den må inkluderast under kontrollerte forhold. Med dette meiner eg at det er læraren som skal styre når teknologien skal inkluderast i undervisninga, ikkje læreplanen. På denne måten vert teknologien relatert til faget sin eigenart, og kan takast i bruk når det er føremålstenleg for faget. Bruken av teknologien IV må vere tilpassa pensumet til faget for at innhaldet skal opplevast som meiningsfullt for elevane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleFrå intensjon til erfaring: Korleis opplever elevane ulike digitale praksisar i klasserommet?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel