Statlege rapporteringskrav til kommunane: Rapport frå forprosjektet
Abstract
Målet med notatet har vore å studere statlege rapporteringskrav til kommunesektoren, sett frå kommunane si side. Vi finn at frå kommunane si side medverkar summen av permanente rapporteringsordningar, hendingsbasert rapportering, dokumentasjon i samband med tilsyn og rapportering kring bruken av tilskot til ei samla bør som vert oppfatta som tyngande. Kommunane vurderer også relevansen av rapporteringa som relativt låg, sjølv om dei ser at ein del av dei faste rapporteringsordningane er naudsynte og viktige. Ein viktig grunn til dette er at mykje av det kommunane må rapportere, ser dei på som dårleg eigna som styringsinformasjon. Mykje av rapporteringa verkar heller å vere motivert av eit statleg kontrollbehov. Dette tolkar kommunane som eit uttrykk for mistillit. På sikt kan denne manglande relevansen vere med på å true legitimiteten til rapporteringssystema.