Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHelland, Lindy Sønstabø
dc.date.accessioned2014-08-26T05:56:19Z
dc.date.available2014-08-26T05:56:19Z
dc.date.issued2014-08-26
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/218048
dc.description.abstractDet blir hevda at det har skjedd ei utvikling innanfor matematikkfaget dei siste tiåra som gjer at ein som lærar møter andre og nye forventningar enn ein gjorde tidlegare (Scott, Jess & Hansen, 2008, Solem, Alseth og Nordberg, 2010). Forenkla sett inneber desse endringane at fokuset i matematikken er frå flytta frå øving på fakta og ferdigheitar (produktet), til at det blir lagt vekt på at elevane skal kunna bruka matematikk (prosessen). Denne påstanden og eigne erfaringar har danna grunnlaget for val av problemstilling i denne oppgåva. Eg har sett på kva ulike forskarar uttrykker, og kva forventningar Utdanningsdirektoratet kjem med i høve til den munnelge kommunikasjonen. Ved å sjå på utviklinga og samanlikne dei data som eg har samla inn med forventningane ynskjer eg å finne ut korleis ein som lærer møter dei «nye» krava. For å finne svar på mi problemstillinga har eg nytta kvalitativt intervju, der eg har intervjua tre lærarar som underviser i matematikk på femte trinn om korleis dei gjennomfører klassesamtalen og deira tankar rundt arbeidet med denne. Resultatet tilseier at strukturen i alle dei tre klasseromma samsvarer med den tradisjonelle klasseromspraksisen. Likevel er det skilnader i klasseromma dersom ein ser bak strukturen og på kva dei ulike informantane ser på som viktig å fokusere på i høve til klassesamtalen. Kva informantane vel å fokusere på er med på å prege korleis samtalen blir gjennomført og korleis elevane møter fagstoffet. Det er tydelege spor som tyder på endring hjå mine informantar, dersom ein samanliknar med det tradisjonelle, men utviklinga i klasserommet samsvarer ikkje med slik det er beskrive i teorien. Noko som fører til at forventningane heller ikkje blir møtt fullt ut. Målet for oppgåva er at eg skal skaffa meg meir kunnskap, som lærar, om kommunikasjonen i klasserommet og få innsikt i korleis eg skal jobbe for at den skal bli best mogleg med tanke på elevane si læring som enkelt elevar og som del av ei gruppe.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.titleGamal vane, vond å venda ?nb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel