Barns seksualitet – tabu, eller berre ubehageleg? : ei oppgåve om kvifor barns seksualitet ikkje blir snakka om i barnehagen.
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196406Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Barns seksualitet er eit viktig tema, men som blir lite snakka om. Det er lite forsking og litteratur om det (Kimerud, 2009). Me har starta med ein omgrepsavklaring på barns seksualitet, barns seksuelle uttrykk og tabu, for å få ei innsikt i kva som ligg i dei ulike omgrepa. I teorien har me starta direkte med kva barns seksualitet er og korleis utviklinga går føre seg. Deretter tek me føre oss om det er eit ikkje-eksistreande tema, og kva som kan vere grunnar til at det har blitt det. Me har valt å sette opp oppgåva på denne måten for å setje lesar inn i kva barns seksualitet omhandlar. Heilt til slutt har me
med litt historisk tilbakeblikk for at ein skal sjå korleis utviklinga har vore. Sidan det ikkje finst så mykje teori på området, har det vore vanskeleg for oss å finna relevant litteratur. Me har plukka ut den litteraturen som er nyast på dato, og mest relevant for oppgåva vår.
Beskrivelse
Førskulelærarutdanninga SF3-312
Mai, 2014