For å gjera andre gode, må ein investera i relasjonar til dei
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196396Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rammeplanen (Kunnskapsdepartementet, 2011) slår fast at barnehagen sitt samfunnsmanndat er å oppdra barna til å verta aktive deltakarar i samfunnet. Dette skal skje i nært samarbeid med barna sin heim. For å gjera andre gode, må ein investera i relasjonar til dei. Dette vil vera den raude tråden i denne oppgåva. Tanken er henta i frå Jan Spurkeland (2012) sitt arbeid med relasjonskompetanse. I denne oppgåva vil eg sjå på korleis ein kan byggja gode relasjonar mellom barnehage og heim. Grunnen til at eg har valt dette emnet, er erfaringar frå mi eiga tid i barnehagen. Eg hugsar spesielt ei av dei tilsette i barnehagen min som eg var spesielt knytta til. Ho gjorde at kvar dag eg kom i barnehagen, følte eg meg verdifull og velkommen. Den same kjensla hadde foreldra mine også. I ettertid har eg skjøna at også dei andre barna på mi avdeling opplevde ho på same måte. Etter kvart som eg sjølv har fått meir erfaring med å arbeida i barnehage, har eg forstått at ho var særleg flink til å skapa gode relasjonar til kvart enkelt barn og deira føresette. Problemstillinga mi i denne oppgåva vert difor: På kva måte kan pedagogisk leiar leggja tilrette for å skapa gode relasjonar mellom barnehage og heim?
Beskrivelse
Førskulelærarutdanning
SF3-312
Mai, 2014