Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRabba, Anne Marie Gamlem
dc.date.accessioned2010-06-29T07:58:59Z
dc.date.available2010-06-29T07:58:59Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152369
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er eit tekststudium som undersøker korleis elevar på 8. trinn les digitale multimodale fagtekstar. Spørsmålet er korleis lesarane skapar meining gjennom val av leseveg, lesestrategiar, og multimodale samspel. I tekststudiet ser eg etter likskapar og ulikskapar i meiningsskapinga, og forsøker å trekkja fram faktorar som skil god og mindre god meiningsskaping i digitale multimodale fagtekstar. Digitale multimodale tekstar er nonlineære, og er i tillegg samansette av uttrykkselement som krev evne til å tolka og forstå samspelet mellom ulike teiknsystem. Dette krev at lesar må velja ut, og setja saman sin eigen tekst ut i frå tilgjengelege tekstelement i utgangsteksten. Tidlegare studiar viser at det er ei utfordring for elevar å lesa digitale multimodale tekstar, og at det er ein samanheng mellom lesar sine føresetnader og evna til å utnytta meiningspotensialet i den multimodale teksten. Utfordringa er å setja saman tekstdelar som gjev lesar forståing og ny kunnskap om tema. Her viser studiar at svake lesarar har større vanskar med å skapa meining enn sterke lesarar. Studiar rapporterer også om at samanhengen mellom lesestrategi, leseforståing, interessa for tema og motivasjon er avgjerande faktorar for meiningsskaping. I denne kvalitative naturalistiske undersøkinga er nettressursen Opplysningstida utganspunktet for den realiserte, eller leste, teksten. Skjermvideoprogrammet SnagIt filmar den realiserte teksten, og for å få belyst den leste teksten vert det også nytta intervju og observasjon. Det teoretiske rammeverket i analysen av dei realiserte tekstane, kalla metafunksjonelt system, baserer seg på lingvist Michael Halliday, og dei engelske sosialsemiotikarane Gunther Kress, Theo van Leeuwen, Carey Jewitt, Michael Thibault og Anthony Baldry. Eg analyserer meiningsskapinga på tre nivå i teksten, der tekstuell metafunksjon er det høgaste nivået, mellompersonleg det midtarste og ideasjonell det lågaste nivået i teksten. I hovudsak finn eg at både sterke og svake lesarar skapar meining på det tekstuelle nivået, medan dette skjer i mindre grad for dei svake lesarane på det mellompersonlege og ideasjonelle nivået. På det tekstuelle nivået har dei realiserte tekstane overvekt av skriftekst medan dynamiske modalitetar som film- og lydklipp er nærast fråveverande. Lesarane likar i utgangspunktet dynamiske modalitetar, men vel vekk desse fordi dei meiner at skriftteksten er hovudleverandør i skulekonteksten. Undersøkinga mi viser, i likskap med andre undersøkingar, at interesse og evna til sjølvmotivasjon skil lesarane. Sterke lesarar prøver alltid å finna noko interessant i teksten, og opererer med belønningsfunksjon for å nå målet. Svake lesarar er oppatt av, og har kunnskap om system og lesestrategiar, men i praksis klarar dei ikkje bruka kunnskapen på ein måte som gjev dei betre forståing. På det mellompersonlege nivået finn eg at koordinering av hand-markør og blikk i lesinga betrar konsentrasjonen hjå lesarane. Sterke Master IKT i læring HSH 2010 © Anne Marie Gamlem Rabba 3 lesarar brukar markør bevisst som eit verktøy i lesinga, medan svake lesarar har meir tilfeldig bruk. På det ideasjonelle nivået finn eg at dei svake lesarane har vanskar med å trekkja ut viktige ord på ordnivå, og kopla desse opp mot biletet, og får dermed ikkje den naudsynte vekslinga mellom tekstdelane som gode og sterke lesarar får i lesinga. Ein kan på grunnlag av dette seia at digitale multimodale tekstar opprettheld skilje mellom svake og sterke lesarar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectIKTen_US
dc.titleMeiningsskaping i digitale multimodale fagtekstar: Ein studie av leseveg og det modale samspelet når elevar les digitale multimodale tekstar.en_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel