Bruk av grafiske organisatorar i læringsarbeid
Abstract
Innan feltet IKT og læring finst det mykje å forska på. Gjennom deltaking i PLUTO-prosjektet ved Høgskulen Stord/Haugesund (HSH), der pedagogisk og teknologisk omstilling var nokre av måla har forfattaren gjort seg opp ein del erfaringar med bruk av IKT i læring, både positive og negative. IKT kan nyttast som eit verktøy der det høver og er meiningsfullt. Masterstudiet gir rom for å eksperimentera med ulike verktøy, i den samanhengen vart ulike grafiske organisatorar noko forfattaren eksperimenterte med. Verktøyet Mindmanager er hovudsakleg mynta på bruk i næringslivet. Etter noko bruk vart verktøyet presentert for ein student med sterke lese- og skrivevanskar. Ho gjorde seg særs positive erfaringar med bruk av Mindmanager som ein grafisk organisator. Knytt til at tekstproduksjonen hennar auka dramatisk når ho nytta verktøyet. Hennar erfaringar gjorde at forfattaren starta å undra seg over kva som skjedde når ein brukte grafiske organisatorar i læringsarbeid. Korleis og kvifor forandra arbeidet seg? Har dette noko med oversikt eller det visuelle bilete å gjere? Er dette noko som gjeld alle? Kva tid kan bruk av grafiske organisatorar ha ei effekt, eller forandra prosessen? Kva type prosessar og kva effektar gjeld dette? Denne mastergradsavhandlinga prøver å svara på nokre av spørsmåla presentert ovanfor gjennom ei praktisk utprøving ved allmennlærarutdanninga ved Høgskulen Stord/Haugesund.