Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjordal, Turid
dc.date.accessioned2008-09-25T10:31:02Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152258
dc.description.abstractUndersøkinga har tittelen: Verktøy eller leiketøy? og handlar om elevar på første året i vidaregåande skule sin bruk av berbare PC-ar. Gjennom intervju og observasjon av elevane, gir eg eit innblikk i korleis, og til kva dei brukar IKT primært på skulen. Eg kjem også inn på fritidsbruken, men meir for å sjå elevane som databrukarar i ein større samanheng. Undersøkinga tek for seg IKT-bruk, både i høve til undervisning og læring, og til meir sosiale og underhaldningsprega aktivitetar. Målet er å få erfaringar som kan nyttast med tanke på utvikling mot meir effektiv bruk i læringssituasjonen. Elevutvalet er på elleve elevar, frå same klasse. Også lærarar som underviser desse elevane, har teke del. Undersøkinga gjekk føre seg frå midten av desember 07, til slutten av januar 08. Det er brukt kvalitative metodar, med etnografisk tilnærming. Individuelle intervju med elevane, og observasjon, er brukt som metodar, og lærarane har komme til orde gjennom gruppesamtalar. Det teoretiske rammeverket er i hovudsak henta frå medievitskapen, og hovudvekta er lagt på bruksstudiar (Uses and Gratifications) og medieetnografi. Teori om metakognisjon og motivasjon er teke med for å sjå på IKTbruken med omsyn til læringsaspektet. Den instrumentelle bruken handlar om korleis elevane brukar PC-en til aktivitetar og oppgåver som har faglege mål, og som praktisk reiskap i skulearbeidet. Stavekontroll og engelsk ordbok blir mykje brukt, og elevane opplever desse verktøya som viktige for å oppnå gode resultat. Den mest omfattande bruken er å søkja etter fagstoff i arbeidet med oppgåver. Dei fleste hevdar at IKT-bruken fører med seg variasjon i undervisninga, men her er det store forskjellar frå fag til fag. Innan språk, og i programfaga1 seier elevane at dei har god nytte av PC, mens dei i realfaga ikkje ser at han fører med seg meir læring. Elevar og lærarar har til dels ulikt syn på om, og i kva fag, PC-en fører til betre læring. Det kjem fram at elevane også nyttar PC-en i undervisningstida til det som kan kallast rituell bruk, som i hovudsak er til sosiale og 1 Programfaga er den yrkesretta delen av opplæringa. underhaldningsprega aktivitetar. MSN2 blir framheva som det dei brukar mest tid på, og som fører til at dei blir mest ukonsentrerte. Det er stor variasjon mellom elevane på kor mykje tid som går med til den sosiale bruken, alt frå nesten ikkje noko tid, til ein stor del av dei undervisningsøktene der PC-en er i bruk. Dei grunnane eg har funne som ligg bak den omfattande rituelle bruken, har å gjera med dei unge sin livssituasjon. Elevane lever i ei digital verd, og deira val er styrde av trongen til å vera aktive deltakarar i sosiale fellesskap, og for å byggja sin eigen identitet. Denne digitale verda fører med seg mindre skilje mellom dei ulike arenaene der elevane er deltakarar; her skiljet mellom fritid og skuletid. Når dei har tilgang til Internett, har dei vanskar med å skilja fritidsbruk frå skulebruk. Elevane er i stand til å reflektera omkring sin eigen sosiale bruk. Dei ser at chatting på MSN går ut over konsentrasjonen, og deira eiga læring, og dei ønskjer hjelpt til å løysa dette problemet. Alle er positive til at lærarane prøver å ha kontroll. Konklusjonen på forskingsspørsmålet er at PC-ane er gode verktøy for læring, men at dei også i stor grad blir brukte for å tilfredsstilla behova for å vera sosiale, og trongen for avveksling og underhaldning. Slik bruk i klasserommet fører lett til konfliktar, og i undervisningstida er det nødvendig å redusera "ikkje faglege" bruk. Det ligg eit stort potensial i å utvikla IKT-bruken. Metakognisjon, eigenvurdering og motivering er gode verkemiddel. For å få til meir variasjon og betre utnytting av dei digitale ressursane, må det byggjast på elevane sine interesser, og den kompetansen dei alt har må nyttast. Klare reglar, gode rutinar og sterk klasseleiing frå lærarane si side, er nødvendig. Dersom ein klarar å få til meiningsfull og motiverande fagleg bruk, vil underhaldnings- og avvekslingsbruken avta, fordi det blir meir spanande å arbeida med dei faglege oppgåvene. Det har eg sett fleire døme på i undersøkinga. For, som fleire har sagt: "Det er når me kjedar oss at det er lettast å gå innpå...[til dømes MSN]"en
dc.format.extent293601 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isoNor
dc.subjectIKTen
dc.titleVerktøy eller leiketøy? : Om elevar i vidaregåande skule sin bruk av berbare PC-aren
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel