Verktøy eller leiketøy? : Om elevar i vidaregåande skule sin bruk av berbare PC-ar
Abstract
Undersøkinga har tittelen: Verktøy eller leiketøy? og handlar om elevar på første året i
vidaregåande skule sin bruk av berbare PC-ar. Gjennom intervju og observasjon av
elevane, gir eg eit innblikk i korleis, og til kva dei brukar IKT primært på skulen. Eg
kjem også inn på fritidsbruken, men meir for å sjå elevane som databrukarar i ein
større samanheng.
Undersøkinga tek for seg IKT-bruk, både i høve til undervisning og læring, og til meir
sosiale og underhaldningsprega aktivitetar. Målet er å få erfaringar som kan nyttast
med tanke på utvikling mot meir effektiv bruk i læringssituasjonen. Elevutvalet er på
elleve elevar, frå same klasse. Også lærarar som underviser desse elevane, har teke del.
Undersøkinga gjekk føre seg frå midten av desember 07, til slutten av januar 08.
Det er brukt kvalitative metodar, med etnografisk tilnærming. Individuelle intervju
med elevane, og observasjon, er brukt som metodar, og lærarane har komme til orde
gjennom gruppesamtalar. Det teoretiske rammeverket er i hovudsak henta frå
medievitskapen, og hovudvekta er lagt på bruksstudiar (Uses and Gratifications) og
medieetnografi. Teori om metakognisjon og motivasjon er teke med for å sjå på IKTbruken
med omsyn til læringsaspektet.
Den instrumentelle bruken handlar om korleis elevane brukar PC-en til aktivitetar og
oppgåver som har faglege mål, og som praktisk reiskap i skulearbeidet. Stavekontroll
og engelsk ordbok blir mykje brukt, og elevane opplever desse verktøya som viktige
for å oppnå gode resultat. Den mest omfattande bruken er å søkja etter fagstoff i
arbeidet med oppgåver. Dei fleste hevdar at IKT-bruken fører med seg variasjon i
undervisninga, men her er det store forskjellar frå fag til fag. Innan språk, og i
programfaga1 seier elevane at dei har god nytte av PC, mens dei i realfaga ikkje ser at
han fører med seg meir læring. Elevar og lærarar har til dels ulikt syn på om, og i kva
fag, PC-en fører til betre læring. Det kjem fram at elevane også nyttar PC-en i
undervisningstida til det som kan kallast rituell bruk, som i hovudsak er til sosiale og
1 Programfaga er den yrkesretta delen av opplæringa.
underhaldningsprega aktivitetar. MSN2 blir framheva som det dei brukar mest tid på,
og som fører til at dei blir mest ukonsentrerte. Det er stor variasjon mellom elevane på
kor mykje tid som går med til den sosiale bruken, alt frå nesten ikkje noko tid, til ein
stor del av dei undervisningsøktene der PC-en er i bruk.
Dei grunnane eg har funne som ligg bak den omfattande rituelle bruken, har å gjera
med dei unge sin livssituasjon. Elevane lever i ei digital verd, og deira val er styrde av
trongen til å vera aktive deltakarar i sosiale fellesskap, og for å byggja sin eigen
identitet. Denne digitale verda fører med seg mindre skilje mellom dei ulike arenaene
der elevane er deltakarar; her skiljet mellom fritid og skuletid. Når dei har tilgang til
Internett, har dei vanskar med å skilja fritidsbruk frå skulebruk. Elevane er i stand til å
reflektera omkring sin eigen sosiale bruk. Dei ser at chatting på MSN går ut over
konsentrasjonen, og deira eiga læring, og dei ønskjer hjelpt til å løysa dette problemet.
Alle er positive til at lærarane prøver å ha kontroll.
Konklusjonen på forskingsspørsmålet er at PC-ane er gode verktøy for læring, men at
dei også i stor grad blir brukte for å tilfredsstilla behova for å vera sosiale, og trongen
for avveksling og underhaldning. Slik bruk i klasserommet fører lett til konfliktar, og i
undervisningstida er det nødvendig å redusera "ikkje faglege" bruk. Det ligg eit stort
potensial i å utvikla IKT-bruken. Metakognisjon, eigenvurdering og motivering er
gode verkemiddel. For å få til meir variasjon og betre utnytting av dei digitale
ressursane, må det byggjast på elevane sine interesser, og den kompetansen dei alt har
må nyttast.
Klare reglar, gode rutinar og sterk klasseleiing frå lærarane si side, er nødvendig.
Dersom ein klarar å få til meiningsfull og motiverande fagleg bruk, vil
underhaldnings- og avvekslingsbruken avta, fordi det blir meir spanande å arbeida
med dei faglege oppgåvene. Det har eg sett fleire døme på i undersøkinga. For, som
fleire har sagt: "Det er når me kjedar oss at det er lettast å gå innpå...[til dømes
MSN]"