Show simple item record

dc.contributor.authorBergtun, Anja
dc.contributor.authorSchei, Christine Olsen
dc.date.accessioned2013-07-10T10:42:05Z
dc.date.available2013-07-10T10:42:05Z
dc.date.issued2013-07-10
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152028
dc.description.abstractOppgåva omhandlar segregeringstendensar i Stavanger. Problemstillinga me har arbeida med er kva som er årsakene til busetjingsmønsteret i Stavanger, og om det finst sosioøkonomiske skilnadar her. Dette har me forsøkt å svare på ved å undersøke fleire faktorar, der hovudfokuset vårt er på segregeringstendensar og bustadmarknad. Me har nytta oss av to datasett for Stavanger med ulik detaljeringsgrad, eit på bydelsnivå og eit på sonenivå. På grunn av at det ligg mykje informasjon i desse datasetta, har me hatt moglegheit til å analysere med omsyn på fleire ulike variablar. I tillegg har me data på bustadmarknaden i Stavanger, som me har knytt opp til dei ulike variablane me har analysert. I analyseringa av datamaterialet har me nytta ulike indeksar for segregering, korrelasjonar og spatial autokorrelasjon. Me har brukt teoriar for segregeringsmekanismar, og modellar frå regionalvitskap for busetjingsmønster i storbyar. Resultata me til slutt kom fram til var at det fantes små veksande segregeringstendensar i Stavanger. Ved å studere bustadmarknaden fann me at det finst skilnadar i bustadprisar i ulike område i Stavanger. Skilnaden i bustadprisar kjem klarast fram på eit aggregert nivå, som bydelsnivå. Det kan dermed tenkjast at busetjingsmønsteret på bydelsnivå kan vere påverka av bustadmarknaden. Det er likevel vanskeleg å trekkje ein konklusjon frå dette, då det truleg kan eksistere ein invers kausalitet her. Me veit ikkje om bustadprisane varierer på grunn av segregering, eller om segregeringstendensane kjem som følgje av at bustadprisane varierer. Når me studerte sonenivå var det her mindre variasjon i bustadprisar, og busetjingsmønsteret på dette disaggregerte nivået kan truleg betre forklarast av andre årsaker som kan skape segregeringstendensar. Det finst sosioøkonomiske skilnadar i Stavanger, men desse er ikkje utprega store.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectØkadno_NO
dc.titleSegregering og sosioøkonomiske skilnadar i Stavangerno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record