Verknadar på busetnads- og næringsutvikling av å erstatta ferjesamband med bruer og tunnelar
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/151924Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Verknadar på busetnads- og næringsutvikling av å erstatta ferjesamband med bruer og
tunnelar.
Samferdslesituasjonen har til eikor tid vore eit svært viktig område i samfunnet, og vil alltid
vera aktuelt. Den norske geografien gir mange utfordringar for samferdsla, der busetnaden og
næringa finst plassert spreidd over heile landet. Især Vestlandet er oppdelt av fjordar og sund,
noko som tvinger biltrafikken med ferje, eller over bruer og gjennom tunnelar, og dette er det
geografiske området oppgåva omhandlar.
I mange situasjonar har ferjesamband vorte avløyst av fastlandssamband for å betra tilgjenge,
gjera småsamfunn meir attraktive og sameina arbeidsmarknadar. Men er det gitt at dette er
svaret?
Statistiske folketalsdata over tid er nytta for å syna koss busetnaden og næringslivet er
påverka av ferjer og fastlandssamband. Ein del teori innanfor by- og regionaløkonomi er
handsama for å forklara busetnadsrørsler i samfunnet. Desse er sett i samband med utvalde
område i Hordaland og Rogaland, og desse er analyserte som case. Observasjonane syner
samband med den presenterte teorien, men òg endringar som følgje av ferjeavløysingar. Dette
kan vera i form av folkevokster eller fråflytting.