Tryggleik i anbodsbasert hurtigbåttrafikk
Abstract
Problemstillinga i denne oppgåva har vore å undersøkja om det er haldepunkt for å tru at
bruk av konkurranseutsetjing av passasjerruter med hurtigbåt på nokon måte kan gå ut over
krava til tryggleik for passasjerar og mannskap
Forfattaren har nytta dokumentanalyse i undersøkinga av datagrunnlaget, som var
offentlege fylkeskommunale anbodsdokument.
Teorien rundt omgrepet tryggleik er beskrive først på generelt grunnlag og deretter ved å
beskriva regelverket som gjeld for hurtiggåande fartøy i passasjertrafikk.
Anbodsdokument frå fem fylkeskommunar vart analyserte ut frå på førehand definerte
kontrollpunkt, basert på den teoretiske tilnærminga.
Forfattaren konkluderer med at konkurranseutsetjing av hurtigbåttenester i seg sjølv neppe
kan seiast å ha nokon innverknad på korleis tryggleiksomsyn blir ivaretekne. Men det blir
påvist eit behov for at det offentlege lagar gjennomgåande systematikk for
anbodsprosessar, slik at ein sikrar at alle vesentlege sider omkring tryggleik for
hurtigbåttransport blir ivaretekne.