Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHøyland, Karen Irene
dc.date.accessioned2014-01-08T09:30:03Z
dc.date.available2014-01-08T09:30:03Z
dc.date.issued2014-01-08
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151322
dc.description.abstractBakgrunn. Verdigheit er eit omgrep som ofte blir nytta. Å sjå korleis verdigheit blir tilført i demensomsorg har fått mykje merksemd, og media spelar ei stor rolle i korleis omgrepet blir tolka og formidla. Det kan likevel vere vanskeleg å definere kva ein legg i verdigheit som eit abstrakt omgrep. Mål. Målet med studien er å undersøkje om det kan vere ulik forståing av kva verdigheit i demensomsorg vil seie. Helsepersonell, pårørande, pasientar og det offentlege har ei meining om kva omgrepet tyder, og kommuniserer ofte si forståing gjennom media. Utgangspunktet for å vurdere meiningsinnhaldet er å sjå korleis samfunnet er førebudd på kva utfordringar som vil kome ved at tal på eldre som når ein høg alder vil auke i framtida. Teoretisk referanseramme om demens, omsorgsvitskap og profesjonsutøving gir føresetnad for å kunne forstå og ta del i diskursen. Studien er vurdert ut frå personsentrert omsorg, og terapeutisk tilnærming. Analyse og drøfting er sett i lys av Kari Martinsen sin omsorgsfilosofi. Metode. Masteroppgåva er eit teoretisk litteraturstudium, med bruk av diskursanalyse. Ei sentral oppgåve ved bruk av diskursanalyse er å sjå korleis språket blir brukt, og korleis ideologi og makt kan vere skjult eller tildekka. Artiklar frå aviser og TV-nyheiter har blitt studert dagleg. Analysen er forma etter Neumann si tilråding som fylgjer fem steg i prosessen. Analyse og drøfting blir ført i lys av hermeneutisk metodologi, som også har som mål å tilføre studien eit filosofisk perspektiv. Funn. Artiklar frå media og frå forsking viser at mange representasjonar er gjentakande. Det kan sjå ut som at helsepersonell og pårørande har same forståing av at manglande kompetanse og for lite ressursar er mykje av grunnen til at dei opplever uverdige forhold i demensomsorg. Det blir også peika på at manglande tilbod om aktivitetar er gjentakande historiar. Pasientane sjølve er opptekne av å sjå kva som kan tilføre verdigheit. Dei viser til eigenskapar hos pleiepersonalet som viktige for at dei skal ha kjensle av verdigheit. Dei styrande set ord på kva dei meiner er viktige tiltak for å kunne tilby helsetenester som skal byggje på respekt og verdigheit. Når media viser til gjentetakande representasjonar, kan det føre til at samfunnet tar opp i seg eit bestemt forståing, og diskursen om uverdig forhold blir halde ved like.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.titleHar verdigheit verdi? : Ein diskursanalyse av verdigheit i demensomsorgno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel