Humor, reseptfri medisin
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/151035Utgivelsesdato
2011-03-16Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva har fått tittelen “humor, reseptfri medisin”. Dette fordi eg har valt å skrive om
humor, og dei positive effektane humor har på eit menneske og deira helse. Bakgrunnen for
valet mitt er min store lidenskap for humor og latter. Eg trives når eg har det morosamt og kan
le, å trives når eg kan få andre til å le. Eg har mange gangar sjølv følt kva ein god latter kan
gjere med kropp og sinn. Derfor har eg valt problemstillinga: “Kvifor bruka humor i den
daglege sjukepleia til bebuarar på sjukeheim?”. Hensikta med oppgåva er å undersøke
viktigheten av humor i sjukepleia, samt å finne områder der humor og latter både kan være
helsefremmande og være med på og auka livskvaliteten til eldre kronisk sjuke. Oppgåva er ei
litteraturstudieoppgåve, som vil seie å leite fram, studere og anvende litteratur innan emnet.
Eg har gjennom studien gått inn på fenomena humor og latter, kva dei før har betydd for
helsa, og kva dei betyr for helsa i dag, samt korleis og kvifor bruka det i forhold til å auke
livskvalitet hos kronisk sjuke. Ut frå dette har eg konkludert med at humor er eit allsidig og
eit viktig verktøy i pleia. Både i kommunikasjon og relasjon. I tillegg kan humor brukast fordi
den gjer så mange positive effektar for menneskjer, både fysisk og psykisk, samtidig som at
humor har nytteverdi i dei fleste situasjonar.