Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTvedt, Kari Eldal
dc.date.accessioned2013-06-26T08:13:51Z
dc.date.available2013-06-26T08:13:51Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150668
dc.descriptionMasteroppgåve i klinisk sykepleievitenskap, Høgskolen i Oslo og Akershus, institutt for sykepleieno_NO
dc.description.abstractFøremål: Føremålet med studien er å kaste lys over erfaringene til helsearbeidarar i møte med familiar som har barn med overvekt og fedme. Teoretisk forankring: Transteoretisk modell og motiverandesamtale er brukt som teorigrunnlag. I tillegg er det gjort bruk av forsking på området. Metode: Forskingsdesignet er kvalitativt. Det vart gjennomført tre fokusgruppeintervju med opne spørsmål med totalt ni informantar. Det var seks helsesyster, ein lege, ein fysioterapeut og ein sjukepleiar som hadde erfaring med fenomenet. Forskingsmaterialet er analysert med inspirasjon frå Malterud si tekstanalyse. Resultat: Helsearbeidarane sine erfaringar vert skildra og drøfta i ein overbyggande dimensjon:Helsearbeidarane sine utfordringar i møte med familiane og Kva helsearbeidarane gjer for å motivere til endring av helseåtferd. Informantane fortalte om fleire utfordringar i møte med familiane. Overvekt og fedme hjå borna er eit vanskeleg tema å ta opp, dei møter motstand og forsvar frå familiane og familiane «pyntar» ofte på sanninga. Det er eit stort fråfall frå behandlinga og helsearbeidarane føler at dei må oppdra foreldrene. Det er utfordrande å motivere barn og unge og dei fortel at familiane er utsett for stigmatisering. Helsearbeidarane finn det vanskeleg å halde på motivasjonen og dei har for lite tid og ressursar til behandlinga. Vidare fortalde dei at det er lite samarbeid mellom helsetenestene. Trass utfordringane helsearbeidarane fortel om, var helsearbeidarane engasjerte og gav inntrykk av å ha ei empatisk tilnærming til familiane. Dei uttrykte forståing for at det å gjere endringar i høve til helseåtferd er ein tøff jobb. Helsearbeidarane gav også uttrykk for at dei lytta til familiane, og dei framheva at det var viktig å myndiggjere familiane. Dei brukte ulike tilnærmingar i møte med familiane, blant anna opne spørsmål. Dei fritek familiane for skuld og dei støttar familiane i dei vala dei tek om endringar i høve til helseåtferd i familien. Konklusjon Helsearbeidarane finn det utfordrande, men spennande å arbeide med familiar som har barn med fedme, men det er lett å miste eigenmotivasjon når dei møter familiar som ikkje får til å gjere endringar. Dei nyttar ei empatisk tilnærming prega av forståing. Det må satsast meir på å utdanne fagpersonar som er kompetente til å ta seg av dei komplekse problemstillingane som ein møter i dette arbeidet. Helsemyndigheitene må take sitt ansvar, og ein må sette av ressursar utdanning, samt til ramme rundt behandlarar. Samtidig har den enkelte helsearbeidar eit sjølvstendig fagleg ansvar for å halde seg oppdatert og tileigne seg ny kunnskap. Det er ei krevjande og aukande problemstilling som treng motiverte og kyndige helsearbeidarar som kan møte familiane der dei er.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectbarnno_NO
dc.subjectfedmeno_NO
dc.subjectovervektno_NO
dc.titleÅ arbeide med familiar som har barn med overvekt/fedme. Helsearbeidaarar sine erfaringarno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber119no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel