Helsepersonell si praktisering av kognitiv åtferdsterapi. Ei spørjeundersøking.
Abstract
Føremål:
Å få kunnskap om helsepersonell si praktisering av kognitiv åtferdsterapi. Problemstilinga i studien er: I kva grad praktiserer helsepersonell kognitiv åtferdsterapi etter fullført vidareutdanning i Kognitiv terapi, Trinn 1? Forskingsspørsmåla er: 1) Kva forhold i
arbeidssituasjonen påverkar helsepersonell sin bruk av kognitiv åtferdsterapi? 2) Kva forhold hjå leiar påverkar bruk av kognitiv åtferdsterapi? 3) Kva betyding har rettleiing for utøving av
kognitiv åtferdsterapi?
Metode:
Studien er ei tverrsnittundersøking med bruk av spørjeskjema. Det vart sendt ut spørjeskjema til 257 helsepersonell som har fullført vidareutdanning i Kognitiv terapi, trinn 1. Data vart analysert i Predictive Analytics Software, PASW, versjon 18. I tillegg til deskriptiv statistikk (frekvensanalyse) vart det utført krysstabellanalyse for å finne samanhengen mellom forhold i arbeidssituasjonen, hjå leiar og rettleiing som påverkar grad av bruk av kognitiv åtferdsterapi. Det har og vore sett nærare på faktorar ved leiar, arbeidssituasjon og rettleiinga som har betyding for utøving av kognitiv åtferdsterapi.
Resultat:
Det var 135 (52,5%) som svarte på spørjeskjemaet. Funn i studien viser at 88 % av helsepersonellet tilbydde vanlegvis kognitiv åtferdsterapi i kombinasjon med andre terapiar/teknikkar eller tiltak i behandling til pasientar med depresjons- og angstlidingar. Det
var 12 % av helsepersonellet som vanlegvis tilbydde kognitiv åtferdsterapi som einaste metode til pasientar med depresjons- og angstlidingar. Det vart funnen ein signifikant samanheng mellom kor nøgd helsepersonellet er med tilhøva i sin arbeidssituasjon og bruk av
kognitiv åtferdsterapi. Vidare synte funna i studien at rettleiing og eit tett samarbeidsforhold til leiar har betyding for i kor stor grad helsepersonell brukar kognitiv åtferdsterapi.
Konklusjon:
Forhold som har med tilrettelegging i arbeidssituasjonen, leiartilhøve og rettleiing har betyding for i kva grad helsepersonell brukar kognitiv åtferdsterapi.