Digital kompetanse sett i system : innstilling frå arbeidsgruppe for digital kompetanse i HSF
Netteland, Grete; Fretland, Jan Olav; Melhus, Alf Tor; Osland, Sara Therese; Parmentier, David; Øien, Knut Erling; Skjeldestad, Kjell
Abstract
Rapporten er ei innstilling frå Arbeidsgruppe for digital kompetanse, oppnemnd av rektor i januar 2010. Dokumentet skisserer arbeidet med utvikling av ein strategi for digital kompetanseheving hjå studentar og tilsette i HSF og foreslår og formulerer også ein slik strategi. Rapporten tar utgangspunkt både i nasjonale føringar om digital kompetanseheving i UH-sektoren og i nasjonale strategiar for kompetanseheving i statlege organisasjonar. Nyare forsking om digital kompetanse og ikt-støtta læring dannar eit viktig utgangspunkt for arbeidet med rapporten.