Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBukve, Oddbjørn
dc.contributor.authorGlosvik, Øyvind
dc.contributor.authorMundal, Harald
dc.contributor.authorNesse, Jon Gunnar
dc.contributor.authorTrengereid, Veronika
dc.contributor.authorVebostad, Åge
dc.date.accessioned2009-08-18T12:22:14Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.issn0806-1688
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149573
dc.description.abstractProsjektet har vurdert det regionale omstillingsprogrammet i Sogn og Fjordane i åra 2004-2006. Omstillingsprogrammet var desse åra retta mot kommunane Flora, Høyanger og Årdal. Programmet har lojalt følgt den nasjonale malen for organisering og drift av omstillingsarbeid. Deltakarane i programmet er overvegande positive til måten denne modellen fungerer på. Utover den ordinære programsatsinga gjekk staten inn med betydelege ekstramidlar i Årdal og Høyanger. Mykje av desse midlane har blitt brukt til fokusert akkvisisjon. Målt i talet på nye arbeidsplassar har resultata vore best i Årdal. I Høyanger har nye nedleggingar overskugga resultata av prosjektet, medan raske konjunkturskifte har hindra ein langvarig nedgang i næringslivet i Flora. Alt i alt har programmet, gjennom ein samordna innsats frå aktørar av ulike typar og på ulikt geografisk nivå, vore i stand til å yte positive bidrag til den lokale handlingskapasiteten i omstillingskommunane. Prosjektet har bidrege konstruktivt både til å auke lokal samhandling, læring og institusjonell kapasitet. Samtidig er prosjektet del av ein lengre utviklingshistorie, det har størst effekt som katalysator i forhold til tendensar som finst i desse samfunna allereie ved starten av prosjektet. Ein klar konklusjon er at strategiar for å utvikle lokal innovasjonskapasitet ikkje kan stå åleine som offentleg politikk dersom ein vil få til ei sjølvberande utvikling i små og perifere samfunn. Denne typen samfunn er avhengig av samarbeidet med overlokale teknologiutviklarar og støttesystem. Dessutan er det ein del strukturelle barrierar som utgjer høgst konkrete grenser for omstillingsevna i denne typen samfunn. Det handlar om at små og isolerte arbeidsmarknader er lite attraktive for kvalifisert arbeidskraft, og det handlar om at samfunna vert sårbare når sentrale bedrifter må legge ned eller redusere aktiviteten. Utviklingsstrategiar for periferien krev fokus på strukturelle trekk og verkemiddel for å påverke desse i tillegg til fokus på innovasjon og lokal handlingskapasitet.en
dc.format.extent1377415 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.relation.ispartofseriesHSF Rapporten
dc.relation.ispartofseries4/2009en
dc.subjectnæringsutviklingen
dc.subjectbedriftsutviklingen
dc.subjecthydroen
dc.subjectAvdeling for økonomi, leiing og reiseliven
dc.titleOmstillingsprogrammet i Sogn og Fjordane - resultat og erfaringaren
dc.typeBooken
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Economics: 210en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel