Regionalpolitikken på regionnivået
Book
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149530Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Hovudmålet med prosjektet har vore å beskrive og analysere den rolla som det regionale
nivået spelar i utforminga og iverksetjinga av norsk regionalpolitikk. Spesielt er vi
opptekne av kva verknader dei institusjonelle endringane i regionalpolitikken har hatt på
regionalnivået. Ei deloppgåve har vore å sjå på fylkeskommunane si rolle i regionale
integrasjonsprosessar. Den andre deloppgåva har vore å studere framveksten av
partnarskap og nettverk på regionalnivået. For dette formålet har vi sett på
samhandlingsprosessane mellom utviklingsaktørane på fylkesnivået i fire utvalde fylke.
Det tredje delprosjektet er ein spesialstudie av prosessane rundt bygdeutvikling to av
fylka, med vekt på utvikling av nettverk og læringsprosessar. Studiane syner oss at det
ikkje er ein enkel og rettlinja veg til å skape gode og utviklingsdyktige nettverk. Men av
og til lykkast det, og det gjeld å bygge læringsprosessar rundt dei vellykka erfaringane.
Studiane syner oss og at det for tida finst ein alvorleg mangel på tillit mellom statlege
og regionale aktørar i utforminga av norsk regionalpolitikk.
Serie
HSF Rapport8/2003