Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVik, Solbjørg Eide
dc.date.accessioned2024-01-29T06:40:55Z
dc.date.available2024-01-29T06:40:55Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3114177
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap Institutt for samfunnsvitskapen_US
dc.description.abstractDette masterprosjektet er eit studie av praksis med skulemiljøsaker. Med utgangspunkt i problemstillinga Korleis skildrar grunnskulerektorar systematikken i praksis med undersøkingar og tiltak i skulemiljøsaker, har eg undersøkt to av delpliktene i aktivitetsplikta i opplæringslova § 9 A-4. Gjennom tre ulike forskingsspørsmål har eg sett på ulike sider ved skulane sitt systematiske arbeid, det vil seie kontinuerleg, planlagt arbeid slik det er synleg i skriftelege planar og prosedyrar samt i praktisk gjennomføring av rutinar i skulekvardagen. Første forskingsspørsmål handlar om kva for rutinar og prosedyrar skulane har på undersøkingar og tiltak. Dette er belyst breitt gjennom både dokumentanalyse og analyse av intervjumateriale. I intervjua har rektors perspektiv vore førande. Gjennom forskingsspørsmål to har rektors skildringar av praksis blitt sett i sentrum. Dette er følgt vidare opp i forskingsspørsmål tre, gjennom fokus på rektors forståing og vurderingar av tiltak i lys av gjeldande lovverk. Prosjektet er såleis ein studie der det er nytta både dokumentanalyse og semi-strukturert intervju, såkalla blanda metode. Datamaterialet har gitt eit godt grunnlag for vidare analysar, som har vore samanvevde. Drøftinga har veksla mellom empiriske funn og teoretiske perspektiv. Funn viser at skulane i varierande grad har systematisk arbeid knytt til undersøkingar og tiltak i skulemiljøsakene. Nokre av skulane har undersøkings- og tiltaksrutinar, både skriftleg og i praksis, som langt på veg er i tråd med lovverk og forsking. Andre skular har det ikkje. Når et gjeld undersøkingar, viser funn viktigheita av å undersøke breitt og systematisk. I tillegg kan det sjå ut til at den nyaste forskinga på feltet kan gje nyttige perspektiv til både undersøkingar og tiltak. Her vil eg nemne forskinga til Sanders et al. om motiv bak krenkingar (Sanders et al., 2021). Ved å undersøke motiva bak, kan ein både finne fram til tiltak som hjelper krenkarane, og få eit fagleg grunnlag for effektive sanksjonar som kan stoppe krenkingane. Dette synest verd å forske meir på. Tiltakspraksis elles synest å vere mindre systematisert og meir skjønnsprega enn undersøkingspraksisen. Elles syner funn at skulemiljøsaker i stor grad blir skildra som komplekse, uføreseielege, dynamiske problem, i teorien omtala som wicked problems (Head & Alford, 2015; Rittel & Webber, 1973). Dei krev koordinert arbeid frå fleire aktørar, samarbeid og dialog som skapar felles forståing, forplikting og tillit. Då må ulike organisatorise styringsfaktorar som reguleringar, prosedyrar, normer, kunnskap, forståing og ein kultur for felles innsats nyttast på fleire nivå for at ein skal ha høve til å utvikle ein best mogleg praksis til å handtere dei samansette utfordringane (Jacobsen & Thorsvik, 2019; Purdy, 2021; Roland, 2020; Scott, 2014).en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleNår eleven ikkje har det trygt og godt på skulen: Ein blanda metode studie i grunnskular sitt systematiske arbeid med undersøkingar og tiltak i skulemiljøsakeren_US
dc.title.alternativeWhen pupils do not have a safe and good school environment: A mixed methods study of systemic work with examinations and measures in school environment cases in elementary schoolsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal