Når eleven ikkje har det trygt og godt på skulen: Ein blanda metode studie i grunnskular sitt systematiske arbeid med undersøkingar og tiltak i skulemiljøsaker
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3114177Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette masterprosjektet er eit studie av praksis med skulemiljøsaker. Med utgangspunkt i problemstillinga Korleis skildrar grunnskulerektorar systematikken i praksis med undersøkingar og tiltak i skulemiljøsaker, har eg undersøkt to av delpliktene i aktivitetsplikta i opplæringslova § 9 A-4. Gjennom tre ulike forskingsspørsmål har eg sett på ulike sider ved skulane sitt systematiske arbeid, det vil seie kontinuerleg, planlagt arbeid slik det er synleg i skriftelege planar og prosedyrar samt i praktisk gjennomføring av rutinar i skulekvardagen.
Første forskingsspørsmål handlar om kva for rutinar og prosedyrar skulane har på undersøkingar og tiltak. Dette er belyst breitt gjennom både dokumentanalyse og analyse av intervjumateriale. I intervjua har rektors perspektiv vore førande. Gjennom forskingsspørsmål to har rektors skildringar av praksis blitt sett i sentrum. Dette er følgt vidare opp i forskingsspørsmål tre, gjennom fokus på rektors forståing og vurderingar av tiltak i lys av gjeldande lovverk.
Prosjektet er såleis ein studie der det er nytta både dokumentanalyse og semi-strukturert intervju, såkalla blanda metode. Datamaterialet har gitt eit godt grunnlag for vidare analysar, som har vore samanvevde. Drøftinga har veksla mellom empiriske funn og teoretiske perspektiv.
Funn viser at skulane i varierande grad har systematisk arbeid knytt til undersøkingar og tiltak i skulemiljøsakene. Nokre av skulane har undersøkings- og tiltaksrutinar, både skriftleg og i praksis, som langt på veg er i tråd med lovverk og forsking. Andre skular har det ikkje. Når et gjeld undersøkingar, viser funn viktigheita av å undersøke breitt og systematisk. I tillegg kan det sjå ut til at den nyaste forskinga på feltet kan gje nyttige perspektiv til både undersøkingar og tiltak. Her vil eg nemne forskinga til Sanders et al. om motiv bak krenkingar (Sanders et al., 2021). Ved å undersøke motiva bak, kan ein både finne fram til tiltak som hjelper krenkarane, og få eit fagleg grunnlag for effektive sanksjonar som kan stoppe krenkingane. Dette synest verd å forske meir på. Tiltakspraksis elles synest å vere mindre systematisert og meir skjønnsprega enn undersøkingspraksisen.
Elles syner funn at skulemiljøsaker i stor grad blir skildra som komplekse, uføreseielege, dynamiske problem, i teorien omtala som wicked problems (Head & Alford, 2015; Rittel & Webber, 1973). Dei krev koordinert arbeid frå fleire aktørar, samarbeid og dialog som skapar felles forståing, forplikting og tillit. Då må ulike organisatorise styringsfaktorar som reguleringar, prosedyrar, normer, kunnskap, forståing og ein kultur for felles innsats nyttast på fleire nivå for at ein skal ha høve til å utvikle ein best mogleg praksis til å handtere dei samansette utfordringane (Jacobsen & Thorsvik, 2019; Purdy, 2021; Roland, 2020; Scott, 2014).
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap
Institutt for samfunnsvitskap