LeiKre - ei kollektiv utforsking i leire
Working paper
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3110862Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Notat [31]
Sammendrag
LeiKre stiller seg i ein kunstnarisk tradisjon med å utforske leira sin materialitet. I dette prosjektet ser vi på korleis barn sine prosessar kjem fram i det kollektive der ein har opne rammer og store mengder materialar tilgjengeleg. Med utgangspunkt i erfaring frå praksisfeltet og undervisning frå barnehagelærarutdanninga, vidareførte vi denne utforskinga saman med barn under Festspillene i Bergen. Her opplevde vi at barn si leikande tilnærming støttar dei i prosessar som tar tak i det forgjengelege. Erfaringar frå LeiKre gjer at vi vil argumentere for at prosessar, som endar med å dekonstruere produkta, er med på å opne opp for utforsking og leik.
Dekonstruksjon som del av prosessen tar vi vidare inn i undervisninga, der vi ønsker å utdanna barnehagelærarar som har ei forståing for korleis ein kan legga til rette for materialmøter for barn - der fokuset er på utforsking og ikkje på produkt
Beskrivelse
Refleksjon av kunstfaglig forskning