Reisa mot Forskingsbasert læring: Implementeringa av Empiriske Bacheloroppgåver ved Campus Førde
Abstract
Vårt prosjekt vart sett i verk etter bestilling frå praksisfeltet, både frå spesialist og kommunehelsetenesta. Prosjektet var å få studentar til å skrive empiriske bacheloroppgåver med tema bestilt frå praksis. Praksisfeltet la fram tema som var nyttig for dei å få undersøkt. Før ulike tema vart presentert for det første «kullet» som fekk tilbod om å skrive empiriske oppgåver, vart det arrangert møter mellom HVL, kommunehelsetenesta (Sunnfjord kommune) og spesialisthelsetenesta (Helse Førde). Her vart det diskutert fram ulike tema som var aktuelle for studentane å utforske, korleis få studentar til å velje denne sjangeren, og korleis praktisk gjennomføre rettleiinga av studentar.
Description
HVL sin skriftserie, rapport