Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorOlsen, Klokkernes Kristian
dc.date.accessioned2023-10-23T11:49:12Z
dc.date.available2023-10-23T11:49:12Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3098077
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5.- 10. trinn, musikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve i faget musikk ved Grunnskulelærarutdanning 5.-10., Høgskulen på Vestlandet. Oppgåva tek for seg temaet mangfald i musikkfaget, med eit fokus på korleis lærarar i grunnskulen konstruerer og reflekterer rundt mangfaldsomgrepet. Dette er eit felt som det trengs meir forsking på i Norge, og min motivasjon med masterarbeidet er å rette oppmerksamheit mot temaet. Oppgåva forsøker å svare på to forskingsspørsmål: Korleis vert mangfaldsomgrepet konstruert i løpet av fire semistrukturerte intervju med musikklærarar i grunnskulen, og kva implikasjonar kan denne konstruksjonen av mangfaldsomgrepet ha for musikkfaget i grunnskulen? Oppgåva er basert på kvalitative semistrukturerte intervju. Dei fire musikklærarane i studien jobbar på fire ulike skular og ulike trinn, og tilbyr derfor fire ulike perspektiv som er påverka av deira arbeidskvardag. Intervjudata har gjennomgått ein tematisk analyse og er organisert inn i ei rekke tema basert på informantane sine svar. Studien er teoretisk forankra i eit sosialkonstruksjonistisk forskingssyn, og tek utgangspunkt i eit interseksjonelt syn på mangfald. Det teoretiske rammeverket for oppgåva inkluderer perspektiv frå den kritiske pedagogikken (Freire, 2014) (Hess, 2019) (hooks, 2014), samt litteratur om interseksjonalitet, sosial rettferd og ulike formar for mangfald. Gjennom arbeidet vert det tydeleg at informantane i studien konstruerer eit breitt mangfaldsomgrep. Det vert også tydeleg at nokre tema har større betydning for informantane sine konstruksjon av mangfald enn andre. Nokre tema som skil seg ut er identitet, kritisk tenking, elevmedverknad og mangfald som ressurs, kjønn og kjønnsroller, klassemiljø og rammefaktorar. Mot slutten av oppgåva vert desse temaa diskutert utifrå eit kritisk perspektiv, samt mogelege implikasjonar for musikkfaget i skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectmusikkundervisningen_US
dc.subjectmusikklærereen_US
dc.titleÅ konstruere eit mangfaldsomgrep: Ein intervjustudie av fire musikklærarar i grunnskulenen_US
dc.title.alternativeConstructing diversity: An interview study of four primary school and lower secondary school music teachersen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMU550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal