«Dei riv ned alt han har bygd opp?»: Ei komparativ analyse av essaysamlingane Samtidsruinar (2015 [2008]) av Marit Eikemo og Stillstand (2009) av Agnes Ravatn
Abstract
Føremalet med denne masteroppgava er å undersøke kva stad og kjønn betyr for den essayistiske refleksjonen i to nyare essaysamlingar. Oppgåva byggjer på ein tese om at essaysamlingane kan lesast som litterære oppgjer med maskuline hegemoni. Prosjektet mitt tek utgangspunkt i to essaysamlingar som er skrivne av kvinner: Samtidsruinar (2015 [2008]) av Marit Eikemo, og Stillstand (2009) av Agnes Ravatn. Dei har til felles at essayisten oppsøker ein ny stad for kvart essay, og at mange av desse stadane kan seiast å vere kjønna. Samstundes som menn har dominert dei fleste av stadane essayistane besøker, har også essaysjangeren på fleire måtar vore mannleg dominert. Dette illustrerer at kvinna ikkje nødvendigvis har hatt ein stad til a bruke stemma si, og at stad og kjønn går hand i hand. Oppgåva byggjer på sentral teori fra fleire forskingsfelt, deriblant essayforsking, stadforsking
og kjønnsforsking. Teori som kastar lys på essayet sine særmerke, brukar eg til a vise kvifor sjangeren er eigna til a reflektere over stad og kjønn. Eg støttar meg på stadteori og kjønnsteori som definerer sentrale omgrep og som peikar på både stad og kjønn som noko konstruert. Teorien underbyggjer korleis samlingane kan knytast til posisjoneringar i samfunnet, og til at det maskuline hegemoniet er noko som kan rivast ned. Eg nyttar litterær analyse til a sjå på korleis essaysamlingane får fram trianguleringa mellom stad og kjønn. Oppgava har ei tekstintern tilnærming, ved at eg gjer nærlesingar av enkeltessay og enkeltsekvensar fra samlingane. Samstundes inkluderer nærlesinga ei tekstekstern tilnærming, ettersom tekstane blir sett på i lys av samfunnsforhold og historie. Samlingane tematiserer blant anna korleis likestillinga har vore gjennom tidene, noko som gjer det interessant a trekke inn og vurdere eksterne faktorar. Funn i narlesingane viser at dei to essaysamlingane kan lesast som oppgjer med eit maskulint hegemoni i samfunnet dels gjennom konkrete stadar, dels gjennom motiv, tema og uttrykksformer som peikar på posisjonar mellom kjønna, og også på eit metaplan, gjennom at essaysjangeren har vore ein maskulin sjanger. Essaysamlingane er likevel tvitydige, noko som er typisk for essaysjangeren. Dette far fram korleis essaysamlingane både kan lesast som stadar der ≪kvinnefrigjeringsprosjektet≫ blir stadfesta, og som stadar der ein ser at dette prosjektet treng å halde fram. Til slutt legg masteroppgava til rette for vidare forsking på samlingane, gjennom å trekke linjer til det didaktiske potensialet dei har. Det trengs ein revisjon av tekstutvalet i skulen, for a skape meir representative refleksjonar
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen