Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKalstad, Janne Kleppe
dc.date.accessioned2023-10-02T05:46:14Z
dc.date.available2023-10-02T05:46:14Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3093349
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse og velferdsleiing. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskapen_US
dc.description.abstractDet vert rapportert om alvorleg og gjentakande svikt i barnevernet. Parallelt er det auka fokus på forbetringsarbeid og fungerande internkontroll i velferdstenestene. Helsetilsynet og Statsforvaltaren sine tilsyn har bidratt til ei dreiing i fokus mot den overordna kommunale leiinga sitt ansvar ovanfor barneverntenesta. Som bidrag til auka innsikt i tenesta, vart det frå 01.01.21 heimla i lov at barneverntenesta årleg skal leggje fram ein tilstandsrapport for kommunestyret. Masteroppgåva drøfter korleis skrivne tilstandsrapportar står i samanheng med svikt som vert rapportert om, og skal vere eit bidrag til utvikling av framtidige rapportar. Problemstillinga på oppgåva er: Kva kjenneteiknar ein tilstandsrapport frå barneverntenesta til kommunestyret?, med følgjande forskingsspørsmål: Korleis vert kvaliteten i barneverntenesta synleggjort i skrivne tilstandsrapportar, og korleis samsvarer innhaldet i rapportane med aktuelle barnevernfaglege utfordringar? Oppgåva tar eit organisasjons- og leiingsperspektiv, og ikkje eit profesjons- eller brukarperspektiv. Teorigrunnlaget er Donabedian sin kvalitetsmodell. Modellen er ei ramme for å vurdere kvalitet på tenester, og er delt i tre dimensjonar; struktur, prosess og resultat. For å finne svar på problemstillinga, er det nytta ei kvalitativ dokumentanalyse av sju skrivne tilstandsrapportar frå tilfeldige kommunar. Konklusjonen er sentrert rundt fem kjenneteikn med rapportane. Det første er at det er ei overvekt av tekst knytt til lovkrava samanlikna med skildringar av eigen praksis. For at politikarane skal kunne ta stilling til korleis barneverntenestene leverer tenester opp mot det som er forventa standard, treng dei skildringar av den enkelte teneste sin praksis. Det andre kjenneteiknet er at det er ei overvekt av tekst om tilgjengeleg ressursar i tenesta, strukturdimensjonar. Forsvarlege tenester er knytt til om tenesta har personale med riktig kompetanse, og om tenesta har ei stabil personalgruppe. Ansvaret for at barneverntenesta har tilstrekkeleg ressursar er lagt til kommunen i sin heilskap, og ikkje til barneverntenesta åleine, og dette er tilhøve som politikarane kan påverke. Eit tredje kjenneteikn på rapportane er at dei har lite informasjon om undersøkingsfasen og brukarmedverknad, nokre av kjerneoppgåvene til barneverntenesta, og sviktområde som det vert rapportert om. Svikten omhandlar ikkje fristbrot, men dokumentasjon på barneverntenesta sine vurderingar og handlingar. Det fjerde kjenneteiknet med tilstandsrapportane er at dei inneheld få setningar om oppnådde resultat. Kommunane bruker KOSTRA i hovudsak som resultatdimensjon. Eit femte, og siste kjenneteikn er at i tekst om samhandling på tvers av tenester i kommunen vert det ikkje informert om kor mykje ressursar som er satt av til samarbeid, om arbeidsprosessane eller måloppnåing i samhandlinga. Dette kjenneteiknet er samanfallande med rapporter som viser svikt i uklare roller og oppgåvefordeling i samhandling rundt barn og unge som har behov for koordinerte tenester.
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleTilstandsrapporten frå barneverntenesta til kommunestyret- kva vert vektlagt? Ein kvalitativt casestudie av sju tilstandsrapportaren_US
dc.title.alternativeStatus report from the child welfare service to the Municipal Council – what is emphasized? A qualitative case study of seven status reportsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal