Show simple item record

dc.contributor.authorLønning, Mari Koløen
dc.date.accessioned2023-09-19T05:26:45Z
dc.date.available2023-09-19T05:26:45Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090211
dc.descriptionGrunnskulelærarutdanning 5. – 10. trinn Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 2023en_US
dc.description.abstractDenne studien undersøker i kor stor grad oppgåver i seks lærebøker oppfordrar til argumentasjon og forklaring. Dette gav grunnlag for å stille denne problemstillinga: I kva grad oppfordrar oppgåvene i seks lærebøker for 10. trinn til argumentasjon og forklaring jamfør kjerneelementet «Resonnering og argumentasjon» frå LK20? For å svare på problemstillinga blei det gjennomført ein kvantitativ tekstanalyse der oppgåvene blei analysert i to omgangar. For å gjennomføre denne analysen blei det gjort ein teorigjennomgang av forsking på argumentasjon, korleis læreplanane frå 2006 og 2020 er utforma, og kva lærebøker er i skulen. I tillegg blei det lese tidlegare forsking på same tema og metode. Slik blei rammeverket for analysen oppdaga. Charalambous et al. (2010) sitt rammeverk for analyse av tekstbøker/lærebøker blei hovuddesignet for analysen. Studien tar føre seg oppgåver innanfor tre tema i seks lærebøker. Temaa er likningar, algebra og økonomi. Oppgåvene i desse tre temaa blei analysert i lærebøkene Grunntal 10, Tetra 10, Faktor 10, Matemagisk 10, Maximum 10 og Matematikk 10. Nokre av funna i studien stemmer overens med det tidlegare forsking har funne. Blant anna har lærebøkene frå LK06 mange av dei same resultata som det lærebøkene i studien til Charalambous et al. (2010). Samla sett har LK20-bøkene større prosentdel oppgåver som oppfordrar til argumentasjon og forklaring, enn det LK06-bøkene har. Med bakgrunn i resultata frå studien kan ein konkludere med at LK20-bøkene i noko stor grad oppfordrar til argumentasjon og forklaring, medan LK06-bøkene oppfordrar i liten grad til argumentasjon og forklaring. Dette resultatet viser viktigheita av å vere kritisk til lærebøker og vere merksam på å inkludere argumentasjon i undervisninga om ikkje lærebøkene gjer det.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectArgumentasjonen_US
dc.subjectResonneringen_US
dc.subjectMatematikken_US
dc.subjectLæreboken_US
dc.titleArgumentasjon i lærebøker - ein lærebokanalyse i matematikken_US
dc.title.alternativeArgumentation in textbooks - a textbook analysis in mathematicsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal