«Vi teikna for å vere sikre vi»: Teikning i matematisk resonnering
Abstract
Studien fokuserer på korleis born nytta teikning som eit verkty i matematikk. Nærare bestemt var føremålet med studien undersøkje korleis elevar på 4.trinn nytta teikning i si resonnering i matematikk. Dette resulterte i følgjande problemstilling: Korleis nyttar elevar på 4.trinn teikning i arbeid med matematisk resonnering?
Den metodologiske tilnærminga til studien er kvalitativ. Studien består av observasjon, intervju og innsamling av elevarbeid. I studien gjennomførte eg i forkant eit pilotprosjekt som hadde som føremål å forberede meg på datainnsamlinga. Deltakarane i studien var 24 elevar frå to ulike klassar. Elevane arbeidde i par, og kvart par løyste tre til fire oppgåver, og totalt vart det samla inn 43 elevarbeid. Det vart gjennomført video-opptak av seks elevpar, samt to fokusgruppeintervju med oppfølgingsspørsmål frå observasjonen. Dette for å få elevane til å utdjupe uklare element og høyre meir om elevane si resonnering og elevane sine teikningar.
Med utgangspunkt i datamaterialet vart det forma passande kategoriar, ut i frå eksisterande teoriar om born sin bruk av teikning. Kategoriar for teikning vart henta frå mellom anna Saundry og Nicol (2006) og Dahl (2020). For å knytte bruk av teikningane opp mot elevane sine matematiske resonneringsprosessar nytta eg rammeverket til Jeannotte og Kieran (2017). Det vart med dette gjennomført ei abduktiv analyse.
Resultata mine viser at elevane i 19 av 21 tilfelle nytta teikning som eit verkty, der flest nytta teikning som konkretiseringsmateriale. Andre nytta teikninga som informasjonshaldar for å halde oversikt over dei ulike elementa i oppgåva. Teikning som ein representasjon av ei løysing vart òg nytta. Dette både for å kommunisere løysinga med andre, og for å grunngje eller bevise ei hypotese. Berre to teikningar hadde ikkje funksjon for resonneringa til elevane. Generelt har eg funne at teikning verkar å vere eit nyttig verkty i matematikk. Teikning kan ha stort potensiale dersom elevane har erfaring og kunnskap om korleis dei kan nytte teikning i oppgåver i matematikk. Teikninga vart nytta for å forme hypotese, revidere hypotese, støtte grunngjeving eller støtte bevis, anten det var som informasjonshaldar, for å presentere ei løysing, eller som konkretiseringsmateriale.
Description
Master i matematikk i Grunnskulelærarutdanninga 1-7
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
2023