Vaksne som ser og torer å handle
Abstract
Gjennom denne bacheloroppgåva har vi på bakgrunn av vårt engasjement for dei sårbare barna, valt å sjå på korleis den pedagogiske leiaren kan handle når det er mistanke om omsorgssvikt hjå barn i barnehagen. Med den lovpålagte meldeplikta i medvitet, ser vi det som viktig å sitje inne med fagleg kunnskap og kompetanse om emnet. Teksten tek føre seg forsking og refleksjon om kva signal ein kan sjå etter hjå barn og omsorgspersonar, verktøy ein kan nytte, korleis ein kan gå vidare med sine bekymringar og viktige element for å lukkast i eit tverrprofesjonelt samarbeid. Oppgåva er delt inn i teori, metode og empiri. Vi har nytta oss av kvalitative forskingsintervju, for å samle inn funn som er relevante i høve problemstillinga. Vidare består teksten av ei drøfting som knyt teori og empiri saman. Avslutningsvis har vi summert opp, og prøvd å svare på problemstillinga.